Gruppe menneske sit ved eit bord medan ein person står framfor dei i skogkanten.
Dugnadsgjengen har matpause. Frå v bak: Ivar Torsdalen, Lene Listaul. Framme f.v. Kjell Arne Holland, Dagfinn Listaul, Gunn Berit Listaul. Ståande Sondre Tveito. I tillegg var Martin Listaul , Åsne Dyrland og Åsbjørg Moland med på dugnaden.

Dyrlandsdalen, ei bygd i fin utvikling

Skulehuset kafe og gardsbutikk har vore stengt i sommar, sidan dei fekk tilbod om å ta med ein del av varene sine til Handverkstunet på Eva Bull Holtes Museum i Åmotsdal.

Presten Hans Jacob Wille beskreiv Dyrlandsdalen, i boka Beskrivelse over Sillejords Præstegield (1786), med desse orda: «Dyrlands Grænnen, en fæl, dyp, snæver, men frugtbar Dal, 1/2 Miil Sydvest fra Kirken, (Åmotsdal kyrkje) har BUKKE-RO, en Grotte i det faste Field, hvor der sidder Leer som Aarer i Stenen, 200 Skridt oven for den undergaaende Stor-Elv, 13 Al. dyp med glatte Vægge og et jevnt Gulv, som helder ud ad Indgangen. Ved Gaarden NASGRAV sees Levninger af en underlig dannet Muur, temmelig stor, situeret tæt under Bierget, hvortil gaaer en artig planeret Gang. Man veed ei, hvad den har været, men efter Tradition skal den være Rudera af et Capel kaldet ROEIM-KAAVEN».

Smal sti forbi ei trebygning i eit solfylt, skogkledd fjellandskap.
Dyrlandsdalen ein frodig sommardag.

Så langt presten Wille. Han skulle tatt seg ein tur til Dyrlandsdalen i dag, ein solskinsdag i oktober, og gått gard imellom og møtt nyinnflytta folk, høyrd hanen som gol under bratte lia, på Trevet, der falleferdige bygningar har fått nytt liv, reist seg frå forfallet og vorte ein god heim for arbeidssame og kreative folk. Presten  Wille beskreiv Dyrlandsgrenda, for over to hundre år sidan, som fruktbar, og det kan den som har vandra i lia mellom dei små gardane, skrive under på. Her reiser attglømde solbærbuskar på hovudet og lokkar med sjølvplukk av mørke, søte, store bær på seinsommaren, her har det vokse jordeple, gulrøtar, og jordbær i sommarsol. Kikkar vi innom drivhuset til Mai-Linn og Sondre, kosa raude tomater og agurk seg i sommarvarmen.

Person står ved ei anleggsmaskin med vegetasjon i skuffa på ein grusveg.
Leiar i Dyrlandsdalen grendelag Øyvind Listaul ryddar opp ved grendehuset.
Person spyler ein raud trevegg medan ein traktor står i bakgrunnen.
Nyinnflyttar Ivar Torsdalen vaskar SkuleHuset utvendig.

Her finn me nye, fine hus på båe sider av elva, som svingar seg gjennom bygda på veg frå Åmotsdal nedover mot Flatdal og Flatsjø. Her har utflytta bygdefolk, flytta heim frå utlandet for å finne seg ei hytte og her har unge, vaksne kjøpt seg hus.

Sentralt i bygda, rett ved den nye og den gamle Dyrland bru, ligg Skulehuset. I andre etasje budde Vasstveitkarane i mange år. Seinare vart leilegheten bruka både til strikkekafe og kunstutstilling. I dag finn me ein kosleg bruktbutikk her, som gjev inntekter både til grendelaget og privatpersonar. I skulestoga har det vore bedehusmøte, loppemarked og vevkurs for Husflidslaget. No finn du SkuleHuset kafe og gardsbutikk her.

 Laurdag 20. juni, sist sommar, møtte bygdefolket i Dyrlandsdalen fram til ein etterlengta dugnad på grendehuset. Uteområde vart rydda, blomsterbed rensa, huset var vaska utvendig og skjolet vart rydda, kjøkenet vart sjekka og det vart rydda i andre etasje. Praten gjekk livleg og matpausa med pølsegrilling og kaffe med is var triveleg.

Etter at Seljord husflidslag avslutta samarbeidet om leige av grendehuset, vart huset ståande ubruka ei tid. Men så dukka innflyttarjentene og venninene  Mai-Linn Ingebretsen frå Dyrlandsdalen og Nina Johnsen frå Svartdal opp og fann ut at her kunne det vore fint å hatt ein gardsbutikk. Som sagt så gjort. I september 2024 åpna Skulehuset kafe og gardsbutikk, med spennande varer til salgs, kortreist honning, saueskinn, varm ekspresso og nybaka skulebollar. Bygdefolk og kanskje særleg hyttefolk, har vore flinke til å stoppe ved det gamle raude skulehuset ved dei to bruene. Dei har kosa seg med nybaka kaker og varm, god kaffe, mens dei har studera gamle skulebøkar og mimra over dei gamle undervisningsplansjene på veggane.

I sommar har Skulehuset vore stengt, mens varer, kaffi og andre godsaker har vore til sals på Håndverkstunet på Eva Bull Holtes Museum i Åmotsdal. Men no er det tid for åpning av SkuleHuset att. Interiøret er pussa litt opp, vareutvalet er litt endra og drivarane er klare for å ta imot nye kundare. Dei har mange spennande planar for hausten, i tillegg til at SkuleHuset er åpent kvar sundag framover.

Åsbjørg Moland

Lite barn sit i brun vogn på gras ved eit piknikbord og skog.
Yngstemann på dugnaden var Torvald Listaul, busett på Rauland med far Martin frå Dyrlandsdalen.
Powered by Labrador CMS