Det høgaste medlemstalet på 40 år
Telemark Mållag hadde ved årsskiftet meir enn 550 medlemer. Talet har auka jamt gjennom dei siste tiara, kunne eit godt besøkt fylkesårsmøte slå fast.
Medlemsauken lokalt fell saman med medlemsauken sentralt, melder Telemark mållag. Dei fortel at Noregs Mållag har godt over 16 400 medlemer – det høgaste talet på 40 år.
– Arbeidet med å styrke sidemålsopplæringa og arbeidet med å skaffe digitale læremiddel på nynorsk, er prioriterte oppgåver i tida som kjem, slo gjest på årsmøte og styremedlem Kjetil Aasen i Noregs Mållag fast.
Aasen peika og på det viktige arbeidet med å få skrive jamstillinga mellom nynorsk og bokmål inn i Grunnlova. Representantar frå alle parti så nær som Framstegspartiet står bak eit framlegg om å grunnlovsfeste retten som Stortinget vedtok fyrste gong så langt tilbake som i 1885.
Årsmøtet vart halde på Vest-Telemark Museum i Eidsborg, og drøfta også praksisen med vaksenopplæring i nynorskkommunane i Telemark. I dag er det berre Vinje som har vedtatt at opplæringa skal vere på nynorsk, eller det same språket som kommunen elles nyttar.
– Det er svært uheldig at elevane får opplæring på bokmål når dei skal bli integrert til ein nynorsk skriftkultur, meiner årsmøtet.
Einar Søreide frå Kviteseid held fram som leiar i fylkeslaget på femte året. Med seg i styret har han Gerd Lyngstad Kroken frå Vinje, Sigbjørn Hjelmbrekke frå Bø, Elisabeth Hagen Kvalem frå Seljord og Asbjørn Gardsjord frå Rauland.
Årsmøtet takka av Nils Gjerde frå Tokke etter mange år både som styremedlem og leiar i Telemark Mållag. Fylkeslaget legg til at det var Tokke Mållag som var hyggeleg vertskap for møtet.