Kommentar

Fotball-VM 2026.

Det er bare å la seg «ro» med. Eventuelt bare sitje i ro og vente på ei kraftig regnskur

Publisert

– Ho blir meir engasjert av ei kraftig regnskur enn av fotball, sa ein mann i Kviteseid til meg her om dagen.

Han var nok ein smule oppgitt over konas manglande interesse for fotball-VM, og fekk litt sympati frå ein journalist.

Det må vere litt trist å ikkje like fotball om dagen. Og bli meir engasjert av ei regnskur. Nokon vil hevde at det er umogleg, men så langt vil eg ikkje gå. Engasjement kjem i alle variantar.

Men – uansett kvar ein beveger seg nå, så er altså herrelandslaget – og VM – i monitor. Det er bilete av dei norske spelarane på mjølkekartongar, frukt og brød. Det er VM-songar på radio, og kvar gong ein skrur på TV-en er fotball det første som møter deg på «heimesida». Det må da vere litt kjedeleg viss ein ikkje bryr seg om denne sporten i det heile tatt?

Så er det nok også litt trist å bu med nokon som absolutt ikkje deler interessa for fotball med deg, og som heller vil ha regn enn fine VM-mål.

Heime hos oss er det visst ingen som kjenner på den slags. Snarare tvert imot. Det er VM-kampar heile tida – den eine stadig viktigare enn den andre.

Problemet der eg bur er ikkje manglande interesse, men altfor stor interesse. Me er til dømes ikkje einige om det er lov til å kommentere (noko som helst), kor høgt det er lov å juble, kor lenge ein kan vere vaken når det er skule dagen etter (det problemet forsvinn nå som skuleferien har starta), om ein rekk å ta ut av ei oppvaskmaskin i løpet av ein pause (eller gjere noko anna fornuftig) eller om ein kan kose seg med god mat/godteri kvar kveld når det er VM.

Det er sjølvsagt mest engasjement å spore i heimen når Noreg spelar kampar. Og superenkel forsking, det vil seie ei lita runde rundt hovudkontoret i Kviteseid, viser nå at folk er utruleg optimistiske på Noreg sine vegner. Nokon er ikkje heilt einige med seg sjølve om det bør kallast å vere optimist eller realist. Og nokon meiner det er to sider av same sak.

Uansett – om ein ikkje er så interessert i fotball, finst det nå også andre idrettar ein kan interessere seg for når Noreg spelar sine VM-kampar. Roing til dømes, saman med eit rop kopla til landslagets vikingprofilering. 

Folk dreiv med ei god gamaldags floke under Lillehammer-OL, men den floka kunne ikkje brukast til noko etter olympiaden (bortsett frå til mimring). Men roing, ja, det kan i det minste føre til rekruttering for rosporten.

Det er bare å la seg rive – eller ro – med i VM. Eventuelt bare sitje heilt i ro og vente på ei kraftig regnskur.

Powered by Labrador CMS