Marit var atten år og på telttur med kjærasten sommaren 1968.

Det var laurdagskveld, og paret var på veg til ein dansefest.

Dei køyrer langs Nisser i ein Oldsmobile 1959.

I ein krapp venstresving ved Nes mistar dei kontroll over bilen. Den fer rett fram, ut i det brådjupet vatnet.

Sjåføren kjem seg ut, men klarer ikkje å redde kjærasten.

Marit har aldri blitt funnen.

Og bilen dei køyrde har i 57 år lege på botn av Nisser.

Det er 57 år sidan Marit blei borte. Nå håper familien at ho blir funnen

– Marit var ei sosial og sprudlande jente, som alle var veldig glade i.

Publisert Sist oppdatert

Det seier Sidsel Berg Lauvrak. Ho var søskenbarn med Marit Andersen og hugsar godt denne augustdagen i 1968.

Sjølv var ho tretten år. To år tidlegare omkom onkelen hennar, far til Marit, i ei arbeidsulykke. Og tanta og kusina flytta inn til familien i Arendal ei stund etter denne ulykka. 

Sundag morgon høyrer Sidsel at det er nokon utanfor huset. Ho har akkurat vakna, drar for gardina og ser ut av vindauget på rommet sitt. Der ser ho presten.

– Då skjønte eg med ein gong at det hadde skjedd noko forferdeleg, seier ho.

Fekk eit telegram

Systera til Sidsel, Anne-Lise Aagaard, var eitt år eldre enn Marit.

– Og me hang saman bestandig, seier ho.

Tidlegare denne sommaren hadde ho reist til München som aupair. Ein dag kom det eit telegram frå mora. 

– Der stod det at Marit hadde omkome i ei bilulykke, fortel Anne-Lise.

Randi var 26, ho hadde akkurat flytta inn i nytt hus, og var gravid i 1968. Så kom sjokkbeskjeden om at kusina var sakna etter ei bilulykke i Nissedal. Fire månader seinare fekk Randi ei dotter.

– Og ho heiter Marit, fortel ho.

Glad, og sprudlande, blid og omgjengeleg – slik skildrar Anne- Lise Aagaard (f.v.), Sidsel Berg Lauvrak og Randi Messel søskenbarnet Marit. Dei fortel om ein samansveisa familie, som i alle år hadde mykje kontakt med tanta Anne.

Dei tre, som alle er søskenbarn med ungjenta som forsvann i Nisser, er tilbake på ulykkesstaden ved Nes i Nissedal der den fatale ulykka skjedde, ved ti-tida laurdag kveld 3. august 1968. 

Ulykka har følgt dei heile livet. Lenge håpa dei at kusina skulle ha kome seg ut av bilen, og dei fantaserte om at ho sat på ein odde ein stad. Tanken på at ho låg i vatnet var vond. Og dei har ofte ein klump i magen når dei sjølv køyrer langs vatn. Særleg har det vore vanskeleg at Marit aldri har blitt funne. Det var det også for tanta deira Anne, som mista si einaste dotter denne augustdagen.

– Ho var veldig, veldig opptatt av å finne henne, fortel Anne-Lise.

Det blei leita med dykkarar i fleire dagar etter ulykka. Også seinare har det blitt gjort forsøk på å finne henne. Men det er svært djupt på staden, og det har vore vanskeleg å kome langt nok ned. 

– Tante sa ho ville selje huset, og alt ho eigde, for å finne henne. Ho prøvde alt, og hadde også kontakt med fleire synske personar, fortel kusinene.

Men dei fann aldri Marit.

I 2012 døydde Anne. Ho fekk aldri gravlagt dottera.

Nytt søk

Marit hadde ikkje søsken, men ni søskenbarn. Ei av dei var mor til Lennart Kyrdalen. Han var åtte år då ulykka skjedde, og hugsar godt at han var på Nes dagen etter, saman med far sin. Der såg han bremsespora i svingen, bildelar som låg strødd på berget ned mot vatnet, båtar og dykkarar som leita etter ungjenta i det brådjupe vatnet.

Mor til Lennart Kyrdalen (t.v.) var søskenbarn med Marit. Det var også Sidsel Berg Lauvrak og John Grandal.

– Det var ei stor sorg for familien, hugsar han.

Akkurat her var det bilen med det unge paret køyrde ut i 1968.
Like ved der bilen køyrde ut ligg det ein stor stein. Lars Gunnar Veum og Olav Kvipt lurer på om dette er ein av stabbesteinane som raste ut då bilen køyrde ut.

I vinter fekk Lennart ein uventa telefon – frå Olav Kvipt. 

Olav hadde heilt frå han var liten høyrt mykje om ulykka. Og då han var sjuk i jola kom han til å tenke på den. Ei natt han hadde feber og ikkje fekk sove leita han fram det han kunne finne om ulykka i gamle aviser. Han la ut eit bilete av ein av avisartiklane i facebookgruppa gamle bilete frå Vest-Telemark. Og etter det vart han kontakta av ein lokal kar som hadde lokalisert ein gjenstand i metall på over 300 kilo med magnet i området. Dei to vart samde om at dersom dei skulle leite etter bilen ville dei først kontakte familien, og høyre om dei syntest det var greitt.  Etter å ha leita litt fann han fram til Lennart, og ringte han. Dei bestemte seg for å møtast. 

Kjell Anker Fjellheim (t.v.) er onkelen til Olav Kvipt (t.h.) og var på Nes dagen etter ulykka i 1968.

Og familien, som i alle år hadde håpa på å finne Marit, var positive til initiativet om å lokalisere bilen, og om mogleg heve den. For i dag finst det nytt utstyr, som dei ikkje hadde i 1968. Og det ville kanskje gjere det mogleg å kome ned på så djupt vatn.

Ny teknologi

Facebooktråden vart delt av fleire. Og nådde også Jan Arne Midtsæter. Han er subsea-ingeniør, og har lang erfaring med undervassteknologi. Han hadde i 2005 vore i Nissedal og leita etter bilen, men på feil plass. Han tilbydde seg å kome tilbake. 

Midtsæter bur på Averøy på Nordmøre, og har sin eigen ROV, ein fjernstyrt undervassfarkost med gripearm. Han sa ja til å kome til Nissedal. Om han fekk dekt køyrekostnader, kost og losji skulle han også gjere det gratis. 

Jan Arne Midtsæter fekk lokalisert og filma bilen på 103 meters djup.

– Ein slik aksjon ville elles vore veldig kostbar, fortel han.

Aksjonen har dei planlagt i eit halvt år. Sundag starta dei å leite.

–Først leita me langs berget ned til 90 meter, fortel Midtsæter.

Der fann dei ein Mini Morris på 72 meters djup. Men ingen Oldsmobile. 

Dei gjekk litt lenger ut, sette undervassfarkosten på botn, og søkte med sonar.

– Og då fann me bilen etter fem minutt, fortel han.

På 103 meters djup, om lag hundre meter frå land, i svingen der kjærasteparet køyrde ut, låg den gamle Oldsmobilen. Opp ned, nedsøkkt i gjørme og mudder. 

Med ROV fekk Jan Arne Midtsæter filma bilen som låg på 103 meters djup. Og her ser ein tydeleg skilnummeret I-3163.
Her ser ein forstillinga og framhjulet på førarsida på bilen. Det var her kroken vart hekta på. Neste gong dei skal prøve å heve bilen vil dei feste krok i bakakselen.

Med ROV-en fekk Midtsæter filma bilen, og fann posisjonen. Nå var dei eitt skritt nærare målet. Dei visste kvar bilen låg.

Neste dag gjekk dei ned og sette fast ein forløpar. Og tysdag fekk dei festa ein krok til i forløparen. 

Så starta arbeidet med å løfte bilen opp frå gjørma. Oldsmobilen veg to tonn. Den har i 57 år grave seg langt ned i gjørma og mudderet, og sat godt fast.

– Og då er det veldig viktig at den blir dratt sakte opp. Om ein løfter for fort så kan ein slite i stykker bilen, fortel Midtsæter.

På ein spesiallaga flåte, med vinsj og aggregat, prøvde dei å rikke bilen laus frå gjørma, heile tysdagen. Tidleg onsdag morgon gjorde dei eit nytt forsøk. Men bilen sat godt fast. Og vind gjorde arbeidet vanskelegare. 

Olav Kvipt (t.v.) Arnt Erik Evja, Jan Arild Ålandsli, Atle Andersen og Marie Kornmo Enger.
Jan Arild Ålandsli (f.v.), Atle Andersen, Jan Arne Midtsæter og Arnt Erik Evja gjer klar flåten.

Gjengen, som i fleire dagar har jobba på dugnad, innsåg at dei ikkje fekk opp bilen med det fyrste. Og Midtsæter, som har det nødvendige utstyret, måtte vidare. 

Gir ikkje opp

– Men, me har ikkje gitt opp, understrekar Olav.

Han fortel at dei har festa fleire ballongar til bilen, og at dei håpar at desse vil bidra til å losne litt på bilen gjennom sommaren. Og så er dei klare for å prøve på nytt til hausten, når turistsesongen er over.

Olav Kvipt meiner det nå er gode odds for å få henta opp bilen frå Nisser. Den er nå lokalisert 103 meter rett ned frå der flåta ligg på biletet.

Olav meiner at dei nå har eit godt utgangspunkt for å få opp bilen.

– Me veit kvar den ligg. Me har utstyr og teknologi. Og mannskapet, seier han.

Alt arbeidet desse dagane har blitt gjort på dugnad. Det har vore mange lokale i sving. I tillegg stilte Vinje bilberging med bil, Kviteseid motorservice fiksa vinsj og aggregat og Thomas Aasland i Aasland service lånte ut flåte og båt. Solgunn og Odd Halvard Fossli, som er grunneigarar og bur like ved ulykesstaden, lånte ut hytter og kom med kaffe og mat. Politiet var også varsla, og til stades på tysdagen. Om bilen blir heva vil dei ta beslag i bilen og gjere undersøkingar.

Odd Halvard Fossli bur på Nes. Han var femten år og samen med faren var han ein av dei fyrste på ulykkesstaden 3. august 1968. Han hugsar sjåføren som var i sjokk, og at det i dagane som følgde var dykkarar og veldig mykje folk som møtte opp.

At så mange har stilt opp desse dagane er søskenbarna frå Arendal veldig glade for. 

– Me er veldig takksame for den jobben som har blitt gjort her, understrekar kusina Sidsel.

Familien håper framleis på at bilen kjem opp frå djupet.  Og at Marit er i bilen. Om ho blir funne ynskjer dei at ho skal bli gravlagt saman med foreldra sine i Arendal. Og at familien, etter 57 år, på den måten skal få sett eit punktum. 

Politiet var på plass ved Nes. Om bilen blir heva vil dei ta beslag i bilen og gjere undersøkingar.
Powered by Labrador CMS