I 57 år har ulykkesbilen lege på 103 meters djup.

Her fann politiet levningane etter det som truleg er Marit

 3. august 1968 køyrde eit ungt par ut i det brådjupe Nisser. På dagen 57 år etter vart ulykkesbilen heva. Og i framsetet fann politiet levningar etter eit menneske.

Publisert Sist oppdatert

– Endeleg, seier Sidsel Berg Lauvrak.

Ho er ei av kusinene til Marit Andersen som 3. august i 1968 sat i ulykkesbilen som køyrde ut i Nisser. Saman med kjærasten hadde attenåringen vore på campingferie i Nissedal. Denne laurdagen var dei på veg til ein dansefest. I ein krapp sving ved Nes mista sjåføren kontroll på bilen. Den for rett ut i Nisser. Sjåføren kom seg ut, men Marit har aldri blitt funne. Og bilen ho sat i har i 57 år lege på botn av den store innsjøen. 

Fleire slektningar av Marit Andersen hadde møtt opp. Og venta spent på heving av bilen.

Fann bilen i juni

I juni i år vart bilen lokalisert ved hjelp av ein ROV, ein fjernstyrt undervassfarkost med gripearm. Frivillige prøvde i midten av juni å heve bilen, men fekk det ikkje til. Bilen som i alle desse åra hadde lege på botn av Nisser hadde sett seg godt fast i gjørma. I seks veker har bilen vore festa med vaierar til ei flåte, og sakte men sikkert har bilen losna frå gjørma. 

I juni fekk Jan Arne Midtsæter lokalisert og filma bilen på 103 meters djup ved hjelp av ein ROV. Han er svært imponert over alle dei frivillige som har bidratt for å få bilen opp.

Laurdag vart den heva.

– Frå 103 til 50 meter, fortel Jan Arne Midtsæter. 

Han er ein av dei som har bidratt til å finne bilen. 

Sundag fekk dei løfta bilen heilt opp og dratt den inn mot ei lita sandstrand. Så vart bilen tauga inn med bergingsbil.

Fann levningar

Fleire slektningar av Marit, mellom anna seks søskenbarn, var til stades då bilen vart heva. Dei håpa at også Marit var i bilen. For det at den unge jenta aldri har blitt funne har vore vanskeleg for familien. 

Etter fleire timars arbeid kom bilen på land. Taket var trykt ned og brannvesenet måtte skjere det av. Og i forsetet på bilen fann politiet ein kropp. 

Krimteknikarar var til stades ved Nes, og kroppen vart sendt til Rettsmedisinsk institutt i Oslo der den vil bli obdusert. 

I bilen vart det funne levningar då bilen vart heva ved Nes. Krimteknikarar frå Skien var til stades.
Taket på bilen var klemt kraftig ned.

– Og etter identifisering vil kroppen bli frigitt, seier politiførstebetjent Henning Herregården. 

Familien, som i 57 år har håpa på å finne Marit, var svært takksame for alle dei frivillige som bidrog til å heve bilen. 

Seks av søskenbarna til Marit var til stades då bilen vart heva. Frå venstre: Anne-Lise Aagaard, Randi Messel, Sidsel Berg Lauvrak, Lilli Laursen, Øystein Berg og John Grandalen.

Dei har alt hatt kontakt med gravferdsbyrå. Snart håper dei på å få gravlagt kusina i Arendal.

Powered by Labrador CMS