Hytteeigarane Kristin og Trygve Jeppestøl i si flunkande nye hytte på Angre.

Der ingen skulle tru at nokon kunne ha hytte

Kristin og Trygve Jeppestøl har «flytta» frå leilegheit i Rauland til hytte på Angre i Åmotsdal. Johan Angre i Flatdal Handlaft har fleire hytter til sals i det nye hytteområdet.

Publisert Sist oppdatert

Det er helg og mykje trafikk på Åmotsdalsvegen. Bilane hoppar bortover i vårløysinga, og det blir ikkje så mykje betre når ein tar av til Sudbøvegen.

– Der ingen skulle tru at nokon kunne ha hytte, seier hytteeigar Trygve Jeppestøl at ein kamerat har sagt.

Det speler inga rolle for Kristin og Trygve Jeppestøl at vegen er litt så som så akkurat nå, når hytteparadiset deira ligg på Angre – der terrenget opnar seg, og dei mest kan kikke over fjella til Rauland, der dei tidlegare hadde leilegheit.

 – Me ville vere meir for oss sjølve. Me er veldig fornøgde her, seier Kristin på klingande tvedestrandsdialekt og ønsker velkomen inn på hytta.

Sjå biletserie lenger ned i saka.

Ei flott hytte frå Flatdal Handlaft på Angre.

Ei eiga stoltheit

Kristin og Trygve frå Tvedestrand har kjøpt tomt og hytte av Flatdal Handlaft. Dagleg leiar Johan Angre eig hytteområdet som Tvedestrand-paret fall for.

For Johan starta lafteinteressa eigentleg på den nedlagde pallefabrikken/sagbruket i Flatdal i 1992. 

– Eg starta å sage litt tømmer med ein kompis, og etter kvart byrja eg å lafte litt. Etter OL fekk nasjonalromantikken ein oppsving, og det blei ein eigen entusiasme rundt lafting, fortel han.

Johan bygde si fyrste laftehytte i 1994–95.

– Så balla det på seg. Eg starta å levere laftekasser på Rauland i 1998–99. Etter det har eg vore meir eller mindre på Rauland i nesten 28 år, og bygd rundt 250 hytter, stabbur og anneks.

Johan Angre på Angre, med Åto-fjell og Angre fjell i bakgrunnen. Johan sin far, Hilmar Roger Angre, vaks opp på Angre.

Han meiner at han som utbyggar har tenkt litt annleis enn mange andre.

– Først og fremst så saga eg tømmeret sjølv dei første 15 åra, for å ha kontroll på råvarene. Det er ei eiga stoltheit i det å kjøpe, lagre, sage og byggje. Me leverer eit totalprosjekt til kunden. Eg har bygd ut tre hyttefelt med vatn og avlaup. 

Johan grunnla Vest-Telemark entreprenør i 2006 fordi han ville kunne levere ei totalpakke. Han meiner sjølv at han er ein konservativ og forsiktig hytteutbyggar.

– Eg får ikkje betalt for alt arbeidet slik det er nå. Det har vore heftige tider. Eg trur ikkje eg ville ha unna mine næraste denne prosessen, seier han.

Som tenkt – og finare

Det er ti tilsette i Flatdal Handlaft i dag. Etter nokre tøffe år med underskot fortel Johan at pilene nå ser ut til å peike oppover. Selskapet omsette for rundt 30 millionar kroner i 2025.

Kva har vore suksessoppskrifta til Flatdal Handlaft?

– Eg gjer kanskje ting litt tungvint, men eg lagar kvalitetshytter. Eg gjer kanskje hytta litt dyrare enn eg treng, men det går ikkje utover kunden. Eg legg hjartet mitt i prosjekta mine, seier Johan og smiler.

Og endeleg er han i gang med å byggje hytter på Angre, eit område på 600 mål – med 30 naturtomter – som han kjøpte for rundt 25 år sidan. Han har bygd fire hytter der til nå. 

God plass utomhus på Angre.

– Det står to hytter klare for sal, reklamerer han, og legg til at hyttene ikkje blir bygde så store.

– Området kler ikkje så store hytter, meiner han.

 Jeppestøl-paret seier at hytta deira har blitt akkurat som dei hadde tenkt – og finare. 

– Flatdal Handlaft kan dette! Eg synest det er imponerande. Det kan fort bli misforståingar på telefon, me kunne jo ikkje følgje med på alt dei heldt på med her oppe, men det har gått veldig fint å planleggje på mail og telefon, fortel Kristin.

Lafta hytte, fred og ro

Kristin og Trygve kjøpte seg lafta hytte for 4 millionar kroner, og flytta inn i november 2025.

– Her er det skiløyper rett ved hytta. Ein kan gå til Kvambekkheia og vidare til Silkedalen og Vierli om ein vil, seier Trygve.

– Men kvifor hytte akkurat her? Det er eit stykke til Tvedestrand?

– Me hadde først ei hytte på Kyrkjebygdheia, men selde den fordi me ville høgare opp på fjellet. Me kjøpte så ei leilegheit på Rauland, men sakna eiga hytte. Det blei også litt for tett for oss på Rauland. 

Og for å gjere ei lang historie kort; Jeppestøl-paret såg ei liknande hytte, som den dei nå har flytt inn i, i stavlaft like ved Rauland, og ringte til Flatdal Handlaft. 

– Me ønska oss ei hytte i fred og ro, og med alle fasilitetar, og det har me fått her, smiler Kristin. 

Dei framsnakkar Johan og samarbeidet med han og sals- og marknadsansvarleg, Gunn Ingrid Brekke, og seier dei er storfornøgde med «heile pakka».

– Det er så solid og ordentleg gjort. Det har vore trygt å byggje med Flatdal Handlaft, fortel dei.

Dei trekker spesielt fram peis og utsikt.

– Peisen er jo som eit smykke midt i stova, og så kan me sjå ut til alle kantar, seier Kristin, og speidar i retning eit islagt Angrevatn.

Jeppestøl-hytta har tre soverom, og sengeplassar til seks. 

– Me ville ikkje ha så stor hytte, men her er hjarterom til mange.

Og for å avslutte der me starta; vegen til hytta, der ingen skulle tru …?

– Me likar vegen opp hit. Det er ein koseleg veg å køyre synest me. Ulendt er ein del av pakka, smiler Trygve.

Fornøgde hytteeigarar.
Powered by Labrador CMS