Den lokale bedrifta blir ein del av nasjonal kjede
Fyresdal-bedrifta Momrak Mesterbygg blir ny forhandlar i Mesterhus-kjeda.
– Mesterhus har eit verdigrunnlag som passar måten eg arbeider på. Kvalitet, fagkunnskap og god oppfølging av kunden er det viktigaste for meg. Med kjeda i ryggen står eg endå betre rusta til å levere løysingar som er skreddarsydde og gjennomtenkte, seier Bendik Momrak i ei pressemelding.
Han er dagleg leiar i Momrak Mesterbygg, og både byggmeister og ingeniør. Momrak Mesterbygg har i dag fem tilsette og omsette for rundt ti millionar kroner i 2025. Bedrifta leverer både nybygg, rehabilitering og totalenterprise, og tek på seg oppdrag både i Telemark og Agder.
For å bli ein del av Mesterhus må forhandlarane dokumentere høg fagleg standard, og Mesterhus fortel at Momrak Mesterbygg oppfyller desse krava.
– Bendik representerer dei verdiane Mesterhus bygger på: høg fagkompetanse, lokalt engasjement og trygg oppfølging av kunden. Me er glade for å få han inn i kjeda og ser fram til å følge utviklinga vidare, seier Bent Halvard Tveit, kjededirektør i Mesterhus.
Fyresdal-bedrifta valde å bli ein del av Mesterhus fordi kjeda stiller høge krav til medlemsbedriftene.
– Medlemskapet forpliktar oss til å levere gjennomarbeidde prosjekt med høg og jamn kvalitet. For kundane våre betyr det ekstra tryggleik og ein garanti for at arbeidet blir utført i tråde med den beste praksisen i bransjen, seier Momrak.