Halvor, Siv Anita og Sveinung Haugen har tapa mykje pengar på flaum.

Campingeigarar i Seljord har fått nok:– Me føler at me blir overkøyrd

Denne veka fløymde det nok ein gong over på Garvikstrondi camping. I heile 10 år har campingeigarar ved Seljordsvatnet venta på NVE sin revisjon av konsesjonsvilkår for regulering av vatnet.

Publisert

– Hadde vasstanden i Seljordsvatnet lege på 116 m.o.h., som det står skrive er HRV (høgaste regulerte vasstand), så hadde det vore ein mykje meir avgrensa flaum nå, seier Siv Anita Haugen, ein av drivarane på Garvikstrondi camping.

Måndag køyrde VTBs journalist vatnet på Garvikstrondi. Ein av vegane på campingplassen var overfløymd, og vatnet faretruande nær å trenge inn i campingvogner og spikartelt. Og det trass i at campingeigarane har tatt omsyn til flaum.

Fleire av dei faste gjestene på Garvikstrondi camping lét vere å kome til Seljord under Dyrsku’n på grunn av høg vasstand.

– Ja, me har tatt omsyn med høgda på muren som du nå ikkje ser, fordi den er under vatn, seier ein oppgitt Halvor Haugen.

Høg vasstand i Seljordsvatnet skapte også problem på Telnessanden camping.

– Når Siv Anita og eg vaks opp her, så var dette ein flaum som kom kvart tjuande år. Nå kjem den ein til to gonger kvart einaste år, fortel Halvor.

Saman med far Sveinung Haugen, meiner han og Siv Anita at flaumen kunne vore unngått. Midt-Telemark kommune, som har konsesjon på regulering av Seljordsvatnet, meiner ved teknisk sjef Hans Kortner Ryen, at dei tar feil.

Sjå tilsvar frå Midt-Telemark kommune lenger ned i saka.

Fleire av campingeigarane ved Seljordsvatnet meiner at Midt-Telemark kommune og Sundsbarm kraftverk bryt konsesjonsvilkåra. VTB har spurt Skagerak Energi, ved Thor Bjørn Omnes, om det stemmer. Han svarar slik:

– Det er Midt-Telemark kommune som har reguleringsansvaret for Seljordsvatnet. Sundsbarm kraftverk handterer dette i det daglege innanfor dei reglane som gjeld.

Sjå resten av tilsvaret frå Skagerak Energi, og frå Seljord kommune, lenger ned i saka.

Måndag var vasstanden i Seljordsvatnet nesten 118 m.o.h.

Har venta lenge på samarbeid

– Sundsbarm gjer som Midt-Telemark kommune seier, og dei meiner luka skal vere stengt heile tida, seier Sveinung Haugen, og viser til kommunestyrevedtak i nabokommunen. 

Han meiner klappluka ved Hagadrag er bygd for høgt, slik at vasstanden konstant er høgare enn 116.

– Dette har vore ein kamp i 30 år. Me føler at me blir overkøyrd. Ei oppdemming er i strid med konsesjonsvilkåra. Det einaste dei har konsesjon til, er å senke vasstanden til 115,50. Me føler dei berre aukar vasstanden til 117, og meiner det skal vere den nye normalen. Dei har også hevda at vatnet ikkje skal ha noko høgde, seier han.

– Midt-Telemark kommune hevdar at luka ved Hagadrag har lite å seie for vasstanden i Seljordsvatnet. Viss luka ikkje betyr så mykje; kvifor kan dei då ikkje berre opne ho? spør Siv Anita.

Dei fortel at dei har venta lenge på eit samarbeid med Midt-Telemark og med Sundsbarm. 

– Me vil jo at dei skal køyre kraftstasjonen og ha inntekter, men dei kan vel hjelpe til med å avgrense flaum når ein ser vêrmeldinga mange dagar i førevegen. Me har spurt, men ikkje fått noko godt svar. 

Campingeigarane må stadig rydde opp etter flaum.

Campingeigarane skildrar ein fortvila situasjon og seier dei også har bedt Seljord kommune om hjelp.

– Me hadde møte med grunneigarane for ei tid tilbake, det er å beklage at oppfølging etter det møtet ikkje har vore god nok, på grunn av personalsituasjon, svarar ordførar Solveig S. Abrahamsen når VTB tar kontakt.

Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.

Ho legg til at ho skjønar frustrasjonen til campingeigarane.

– Eg har vore i kontakt med ordførar i Midt-Telemark. 

Abrahamsen refererer kommunalsjef teknisk, Hans Kortner Ryen, som svarar campingeigarane slik: 

Luka på Hagadrag er meint å regulere minstevassføringa i Bø-elva og påverkar lite vasstanden i Seljordsvatnet. Vasstanden påverkast hovudsakeleg av vassføringa frå Sundsbarm og tilsig frå andre bekkar og elver som går inn i vatnet. 

– Me er heilt ueinige med Midt-Telemark kommune, seier Halvor.

Stranda er borte i vatnet.

– Det er tjuveri frå oss

– Me mista rundt 30 bubilplassar i dyrskunhelga, og då ei omsetning, inkludert matsal, til rundt 50 000 kroner. Mange av våre faste gjester ville ikkje kome fordi dei ikkje kom fram til vognene sine, fortel Siv Anita.

Halvor seier at det er mange i nærområda som fortviler over at den svært viktige campingnæringa i Seljord er utsett, og spør seg sjølv om dei nå må gå rettens veg for å finne ei løysing. Sigmund Telnes på Telnessanden sit i same, urolege båt som naboane på Garvikstrondi. 

– Eg kjenner på fortviling. Luka på Hagadrag skulle vere stengt når det var flaum. Og så har dei bygd luka så vatnet i praksis ofte er over 117 meter.

Han hevdar Sundsbarm og Midt-Telemark kommune ikkje forstår konsesjonsreglane, og trur ei rettssak må til.

– Eg har dokumentasjon på, og utsegn frå folk som har jobba ved Sundsbarm, at vatnet låg på rundt 116 m.o.h tidlegare.

Han er bestemt på at NVE, som 24.09.15 vedtok at konsesjonsvilkåra for Seljord- og Sundsbarmreguleringane skulle reviderast, har mest fokus på kraftproduksjon. 

– Skagerak Kraft tener mange millionar i året på å regulere Seljordsvatnet over konsesjonsgrensa. Det er tjuveri frå oss, som har tapa svært mykje på flaum.

Sigmund Telnes får mykje oppryddingsarbeid etter flaumen.

– Det som renn inn styrer vasstanden

VTB har vore i kontakt med Thor Bjørn Omnes i Skagerak Energi.

Campingeigarane hevdar at kraftverket tener pengar, medan campingnæringa tapar pengar på ei oppdemming?

– Dersom Seljordsvatnet skulle kunne demmast opp, måtte det vore ein dam med luker ved utløpet til Bø-elva i Hagadrag, altså heilt sør i vatnet. Ein slik installasjon finst ikkje. Utløpet av Seljordsvatnet består berre av ein naturleg terskel av grus og stein, og vasstand i Seljordsvannet bestemmast av tilsig og naturleg avløp. Den vesle luka i Hagadrag har berre som oppgåve å sikre minstevassføring i Bø-elva i spesielt tørre situasjonar. Utover det har den ingen funksjon.

 VTB har fått høyre at det var mindre kraftproduksjon i samband med Dyrsku’n, at «kommunen pynta seg for brura,» for så å auke produksjonen att etter Dyrsku’n. Stemmer det?

– Nei, det har inga rot i verkelegheita. Produksjon av kraft styrast utelukkande av Skagerak Kraft basert på etterspørsel i marknaden og innanfor rammer som er gjevne for manøvrering av vassdraget.

Kommunikasjonssjef i Skagerak Energi AS, Thor Bjørn Omnes.

Midt-Telemark kommune, ved Hans Kortner Ryen, svarar slik når VTB tar kontakt:

– Midt-Telemark kommune fekk pålegg om å gjere ei utgreiing av samanheng mellom luka og vasstand i vatnet. Slik eg les rapporten ser det ut som påverknad frå luka er marginal.

Det står svart på kvitt i eit brev at HRV er 116, og vasstanden i Seljordsvatnet er jamt høgare enn det?

I samband med regulering av Seljordsvatnet, brev frå Sundsbarm

– Vasstand er jo noko ein eigentleg ikkje styrer. Det er difor logisk å tenke at det er det som renn inn som styrer vasstanden. Inn i Seljordsvatnet er det Sundsbarm som har moglegheit til å stoppe produksjonen.

Kommunalsjef teknisk Midt-Telemark kommune, Hans Kortner Ryen.

VTB har kontakta Jakob Fjellanger, som er saksbehandlar i revisjonssaka om konsesjonsvilkår for Seljordsvatnet. Han svarar ikkje direkte på spørsmål me stiller, men skriv dette i ein e-post:

– Me har nyleg mottatt ny hydraulisk vurdering av utløpet i Seljordsvatn, og jobbar vidare med saka.

Etter at NVE fatta vedtak om revisjon av konsesjonsvilkåra, har det tatt heile 10 år før saka blei sendt vidare frå NVE til Energidepartementet nå i 2025.

– Det er ikkje til å tru, seier Halvor.

– Det er håplaust at ingen tar ansvar, seier Siv Anita.

Powered by Labrador CMS