Avsluttar samarbeidet: Kviteseid og Nissedal har i fire år hatt felles rekneskapskontor. Nå ynskjer båe kommunane å gå tilbake på ordninga.
Elin Fjalestad
Avsluttar samarbeidet om felles kontor. – Ei lykkeleg skilsmisse
Kviteseid og Nissedal har i fire år hatt felles rekneskapskontor. Nå ynskjer båe kommunane å gå tilbake på ordninga.
I 2020 vart det bestemt at dei to kommunane skulle ha felles rekneskapskontor. Stillinga har vore lokalisert i Nissedal. Intensjonen med samarbeidet var at kommunane ikkje skulle bli så sårbare.
Erfaringa etter fire år er at kommunane med felles kontor har blitt meir sårbare. I eit evalueringsmøte vart konklusjonen at ein bør fremme politisk sak i båe kommunane om å føre tilbake rekneskapsfunksjonen til kvar kommune.
Torsdag var saka oppe i formannskapet i Kviteseid.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP