Miriam og Magnar drar til sjøs: – Det blir litt som å vere på leirskule
Dei er begge frå Kviteseid, og har vore heldige å få skuleplassar på skuleskipet Gann.
– Ein får reise rundt, og oppleve kjempemasse!
Miriam Kvamme (18) og Magnar Syrtveit Mikalsen (17) startar i tredje og andre klasse på vidaregåande skule nå på sundag. Ikkje i Telemark, og ikkje på land. Dei mønstrar rett og slett på skuleskipet Gann, i Stavanger.
– Første turen vår går til Orknøyene. Det er ein bli-kjend-tur, og dei valde visst Orknøyene fordi det ikkje er mobildekning der, smiler Magnar.
Skuleskipet Gann er ein kristen, vidaregåande friskule. Miriam har gått dei to første åra av vidaregåande på Tryggheim, ein kristen privatskule på Nærbø. Magnar har gått på Vest-Telemark vidaregåande på Dalen.
– Eg har gått på linja teknologi og industri og Miriam har gått på elektro.
Nå ønsker han å gå i ei matros-klasse på Gann. Miriam vil studere til å bli skipsmekanikar.
Populær skule
Miriam har høyrd mykje positivt om Gann og kjenner folk som har gått der. Magnar fekk lyst til å søke etter at ein nabo framsnakka skipet.
– Eg har også høyrd at bedrifter gjerne vil ha elevar frå Gann. Då har ein vore på havet i eitt år, og veit korleis det er.
Ein tredjedel av skuleåret er dei på reise. Mest langs Norskekysten.
– Me får kvar vår lugar, og blir delte inn i klasser når me kjem om bord, seier Miriam.
Gann er ein populær skule. Magnar fortel at det i år var 452 søkarar til 140 plassar, og det er rekord. Skuleåret 2025–26 er det 95 gutar og 45 jenter som har fått plass. Miriam og Magnar er glade for at dei fekk moglegheita.
– Me gler oss til turar og til å bli kjend med nye fok.
– Eg vil ut offshore
Miriam har budd med familien i Kviteseid til ho flytta ut for to år sidan. Magnar har budd der i 11 år, og flyttar ut nå.
– Det blir mitt første år på internat, eg er ikkje vand til det, men gler meg, seier han.
Dei fortel at dei skal inn i ei vaktordning om bord på skipet, der dei blant anna passar på landgangen og speidar etter flytande ting i vatnet.
Kan ein ikkje bruke radar til det?
– Radar viser ikkje kva hinderet er, berre at det er noko der. Menneskeauget er den beste reiskapen ein har, seier Magnar.
Han ønsker å bli styrmann eller kaptein etter kvart.
– Men eg startar som matros. Eg vil lære korleis ein båt fungerer.
Miriam vil fikse motorar og jobbe med vedlikehald.
– Eg vil ut offshore, og då har eg tenkt at båtmotor; det kan eg lære meg.
Nå ladar dei begge opp heime i Kviteseid til studieliv – og russetid – til sjøs.
– Det blir vel litt som å vere på leirskule eitt år. I alle fall fram til haustferien. Det blir tett innpå folk. Ei heilt unik oppleving, smiler Miriam.