Ikkje mange ungdomar har like stor trong for å ha båtførarsertifikat som systrene Anlaug (16) (t.v.) og Marjit Hovden (17) frå Møsstond. Sommarhalvåret er dei avhengige av båt for å koma seg til og frå heimplassen på Hovdeøya.

Anlaug (16) og Marjit (17) er alt godt båtvande. No kan dei føre større og raskare fartøy

Fjorten ivrige kursdeltakarar sat inne på Røde Kors-huset i Seljord ei heil helg for å førebu seg til båtførarprøva. Etter avsluttande eksamen sundag kunne dei titulere seg som kystnavigatørar.

– No kan me køyre mor og far sin båt, og me kan ta med naboungane i båten, seier Anlaug Hovden frå Møsstrond.

Ho er seksten år og går siste året på Rauland skule. Skulevegen startar og sluttar alltid med ein båttur i sommarhalvåret, medan det er snøskuter som gjeld om vinteren. Saman med storesyster Marjit, som går på Rjukan vidaregåande skule, har dei teke turen til Seljord denne helga for å kvalifisere seg til å føre båtar som er over 8 meter og som har ein motor større enn 25 hestekrefter. Ifylgje Sjøfartsdirektoratet kan ein, etter bestått eksamen, føre båtar på inntil 15 meters lengde og som kan oppnå inntil 50 knop.

Marjit, som går på lina for helse og oppvekst på skulen i Vestfjorddalen, bur på Rjukan i vekene, medan ho ofte er heime i helgene. Denne våre har vore heilt unik. 

– Vanlegvis reiser isen kring 17. mai, men i år byrja me å køyre båt alt i påska. Då bruka me luftputebåten, og heilt i slutten av april var det ope vatn slik at me kunne køyre vanleg båt, fortel ho.

Dei to jentene er sjølvsagt godt båtvande, og har hittil ført mindre båtar.

– Kva blir den største endringa etter at de har teke båtførarbeviset?

– Då kan me køyre dei største båtane me har heime, svarar jentene.

Frå mange stadar

Elevane på det tjue timar lange kurset som strekte seg over tre dagar, kom frå mange stadar. Truleg skal dei, forutan Møsvatn, trafikkere både Bandak, Nisser, Vråvatn, Kviteseidfjorden, Gjevarvatnet, Heddalsvatnet, Morgedalstjønni og mogelegvis også farvatn langs kysten.

I løpet av dei tre dagane går dei, saman med kurshaldar Reidar Skogheim, gjennom eit oppslagsverk på nær 300 sider.  Sundag klokka to var det klart for ein times eksamen. Elevane fekk femti oppgåver, og måtte svara rett på førti av desse for å bestå.

Ivrige kursdeltakarar. Frå venstre: Even Solstad, Øyfjell, Erna Lønnegraff, Vrådal, Anlaug Hovden, Møsstrond, Eirill Laukelid, Langlim, Marjit Hovden, Møsstrond, Vetle Aamot, Kviteseid, Sondre Sandnes Sandland, Kviteseid og Olav Midtsund Stykket, Kviteseid.
Frå venstre: Sondre Sandnes Sandland, Kviteseid, Olav Midtsund Stykket, Kviteseid, Henning Heimdal, Dalen og Marte Straand, Vrådal.
Frå venstre: Åse Aarbakk, Kviteseid, Tuva Nordskog, Morgedal, Thea Straand, Vrådal og Svend Torgrim Berget, Heddal.

Båtliv på Kviteseidfjorden

Me tek ein prat med tre fjortenåringar frå Kviteseid som alle bur seg på å ta prøva. Systemet er slik at dei kan ta prøva når dei har fylt 14 år, men dei får ikkje utlevert beviset før dei har blitt 16. Når me spør om kvifor dei tek prøva alt no, svarar Vetle Aamot kjapt:

– Då slepp me å gjera det neste år.

Sondre Sandnes Sandland gler seg til å køyre den 26 fot store Nor-Dan-båten på Kviteseidfjorden.

Vetle Aamot ser også fram til båtsesongen. Spesielt når kanalbåten kjem.

– Då hoppar me i bylgjene etter Victoria.

Frå venstre: Vetle Aamot, Olav Midtsund Stykket og Sondre Sandnes Sandland, alle Kviteseid.
Powered by Labrador CMS