Meierisjef Hans V. Nesheim i produksjonslokalet.
Meierisjef Hans V. Nesheim i produksjonslokalet.

Sølvmedalje til chevre frå Haukeli

Osten som blir laga i Vinje har fått prestisjetung utmerking i International Food Contest.

I går stakk den lokale osten Chevre Ramsløk frå Tine-meieriet i Haukeli av med sølvmedaljen i International Food Contest i Herning i Danmark, ei av verdas største meieriutstillingar.

– Dette set me på meieriet på Haukeli stor pris på. Bak ligg det stor innsats i alle ledd. Dette bekrefter også at Tine sine produkt hevdar seg godt i konkurranse med meieriprodukter fra våre naboland, seier meierisjef Hans Nesheim. Han er både glad og stolt på vegne av medarbeidarane i Haukeli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:Heider og ære til ny chevre

Profesjonelle dommarar

Den store utstillinga har med mat frå mange land, og hovudvekta ligg på meieriprodukt. Totalt deltek utstillarar med om lag 1500 ostar, smør og andre konsumprodukt.

– Produkta blir dela inn i ulike grupper som blir dømte av fire–fem trente dommarar. Dette er ei profesjonell dømming, og det ligg stor prestisje i å oppnå premie. Det blir gitt bronse-, sølv- og gullmedaljar til dei beste produkta. Den aller høgaste utmerkelsen er ærespremie, fortel meierisjef Nesheim. 

Formålet med utstillinga er å fremje den faglege stoltheita. I meir enn 100 år er meieriprodukt blitt dømte og premierte i Herning, og utstillinga fungerer også som ein fagleg møtestad for meieribransjen.

Les også: Ei lang og spennande reise