Meierisjef Hans V. Nesheim i produksjonslokalet.
Meierisjef Hans V. Nesheim i produksjonslokalet.

– EI LANG OG SPENNANDE REISE

Meierisjef Hans Vandaskog Nesheim (53) siktar ikkje til mjølkeruta, men si eiga reise i meieriverda.

– Det har etter kvart blitt ei lang reise, og for min del starta ho 1. april 1989. Ho har ikkje vore kjedeleg, men ho har vore full av oppog nedturar. Eg har lært mykje om meg sjølv og om dei som har vore med på reisa. Me er sterke og det skal mykje til for å knekke oss, smiler Hans Vandaskog Nesheim, meierisjef ved Tine meieri Haukeli.

Av dagens stab på 11 fast tilsette har 4 vore med i 20 år eller meir. Det vitnar om ein stabil arbeidsstokk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Absolutt, og det er viktig for ei bedrift som vår. Det er også verdt å ta med at me i høgsesongen frå midten av mars og ut august er 16–18 som arbeider her, seier 53-åringen.

Starta i -89

Etter å ha hatt litt forskjellige jobbar på 80-talet fekk unge Nesheim våren 1989 telefon frå dåverande meieribestyrer Gudmund Øien med spørsmål om han kunne tenkje seg jobb i meieriet.

Tine meieri Haukeli tener pengar. – Me reknar med å eksportere 500 tonn ostemasse i år. I tillegg ligg produksjonen av chèvre på 60 tonn, seier meierisjef Hans V. Nesheim.
Tine meieri Haukeli tener pengar. – Me reknar med å eksportere 500 tonn ostemasse i år. I tillegg ligg produksjonen av chèvre på 60 tonn, seier meierisjef Hans V. Nesheim.

– Det var på den tida produksjonen av fetaost tok til for fullt i Haukeli. Samstundes produserte me brunost, hugsar Nesheim.

Ein kan trygt seie at Nesheim har arbeidd seg oppover i systemet. Frå starten i produksjonsavdelinga og pakkeavdelinga via laboratoriet (laben) og til sjefsstolen i 1998.

– Ja, det er vel rett å seie det. Eg starta i produksjonen og pakka brunost. Etter nokre år med den jobben fekk eg fleire arbeidsoppgåver på laben. Det var behov for eit meir systematisk arbeid, og derfor blei det faste oppgåver der. Før var det gjerne slik at den som hadde tid tok seg av det arbeidet. Og det var ikkje noko me var åleine om i Haukeli, forklarer han.

«Utan den formidable innsatsen som produsentane, altså geitebøndene, har lagt ned hadde me aldri kome der me er i dag.»

Forut si tid

Artikkelen held fram under annonsen.

Produksjonen av feta tok slutt etter eit par år. Sjølv om dei tilsette jobba natt og dag for å få osten på beina måtte dei gje seg.

– For å vere heilt ærleg så trur eg me var for tidleg ute med den type produkt. Etter kvart blei det også slutt på brunostproduksjonen, eg meiner det var i september 1994 det tok slutt. Kumjølka blei dirigert til andre meieri og me måtte tenkje i andre banar og på nye produkt, fortel Nesheim.

Knutepunkt

Både på Vestlandet og i Telemark var det etter måten mange som dreiv og framleis driv med geitehald. Haukeli er slik sett eit knutepunkt mellom aust og vest.

– Me var veldig uroa over at me kom til å setje geitebøndene i knipe, og eg må seie at det dåverande lokalstyret for meieriet i Haukeli gjorde ein formidabel jobb med å få Tine til å satse vidare her, forklarer Nesheim.

Tine eller Norske Meierier som det heitte då, hadde orientert seg etter kundar som kunne vere interesserte i ostemasse etter geitemjølk. Og det var ein potensiell kunde i USA som gjerne tok imot eit slikt produkt. Samstundes kom tanken om å produsere chevré.

– Det var tre aktuelle stader for slik produksjon, og Haukeli var ein av dei. Det enda med at Tine rusta opp for 11 millionar kroner i Haukeli i 1995–1996. Ein kan trygt seie det var ei stor satsing på den tida. Det er nok verdt å seie at Vinje kommune også spela ei viktig rolle i og med at dei tilbaud låg straumpris, seier meierisjefen.

På meieriskule

Artikkelen held fram under annonsen.

Og det var på den tida at Hans V. Nesheim og Bård Øien, som også framleis jobbar i Haukeli, fekk tilbod om å gå meieriskulen på Brekstad i Ørland i Sør-Trøndelag. Det eittårige studiet innebar mykje arbeid, og elevane måtte innom faga mjølkekjemi, fysikk, matematikk og meierilære.

– Det var særs lærerikt, og då me kom attende til Haukeli var me båe veldig motiverte for å ta fatt på jobben att. Me blei nok veldig mykje tryggare i jobben etter året på meieriskulen, slår Nesheim fast.

Hausten 1996 blei Øien tilsett som avdelingsleiar i produksjonsavdelinga, medan Nesheim blei kvalitetssjef og fekk ansvaret for laben. I dag er Øien forbetringsog kvalitetsleiar. Sjølve ombygginga av meieriet blei gjort samstundes med studiane.

– Det var Jarle Hjertås som var meierisjef då. Han har lagt ned uendeleg mykje arbeid i Haukeli og han gjorde ein framifrå jobb, fortel den blide meierisjefen.

Jobba med kvaliteten

Men det var ikkje berre enkelt i starten av det «nye» meieriet i Haukeli. For å lage gode produkt var kvaliteten av geitemjølka umåteleg viktig. Og der hadde både meieriet og produsentane ein veg å gå i byrjinga.

– Men like fullt vil eg seie at utan den formidable innsatsen som produsentane, altså geitebøndene, har lagt ned hadde me aldri kome der me er i dag, rosar Nesheim.

Han fortel at samarbeidet mellom produsentane og meieriet nok blei sett på harde prøver i blant. Men etter kvart som det vart forståing for at fôrtypane og ventilasjonen for geitene hadde mykje å seie for kvaliteten på geitemjølka, skjedde det i løpet av ein toårsperiode store endringar til det betre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vart nok ei gjensidig forståing at dersom det skulle vere noko å hente både for bøndene og oss, så var det heilt nødvendig å gjere desse grepa. Så dess betre geitene har det, dess betre kvalitet blir det på mjølka. I tillegg lærte sjølvsagt me også mykje om kor viktig det er med gode rutinar ikkje minst med tanke på hygiene, forklarer Nesheim.

Mjølkesmakar

For å avgjere kvaliteten på geitemjølka blei det smaka manuelt på mjølka til og med 2011. Det var eit smakspanel på tre personar som avgjorde kvar på skalaen mjølka hamna. I dag er det eit analyseapparat som avgjer mjølkekvaliteten.

– Ved å bruke eit slikt apparat får me fram dei forskjellige verdiane i mjølka – verdiar som avgjer både smak og kvalitet, seier meierisjefen.

– Er du lei geitemjølk?

– Nei, eg er ikkje det. Perioden med manuell smaking gjorde at eg lærte mykje om mjølka, og om dei som leverte mjølka. Ein skulle trass alt gje dei

tilbakemelding på kvaliteten, og då fann ein måtar å fortelje både godt og ikkje fullt så godt nytt, smiler han.

I 2015 blei 98 prosent av all mjølka som kom til meieriet klassifisert som elitemjølk, altså mjølk av ypparste kvalitet. Resten, to prosent, var stort sett av nest beste kvalitet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er heilt fantastisk at bøndene klarer å levere ein slik kvalitet. Det har vore enorm utvikling på kvalitet, og i dag klarer ein mest ikkje kjenne luktforskjell på geitemjølk kontra kumjølk, fortel Nesheim.

Eksporterer 500 tonn ostemasse

Salet av chèvre har eksplodert dei seinare åra, og det same har eksporten av ostemasse. Nesheim og dei tilsette i Haukeli produserer 60 tonn chèvre årleg, medan dei i fjor sendte 352 tonn med «frozen curd», salta og usalta ostemasse, til Canada.

– Inneverande år har me fått tilført ein million liter geitemjølk ekstra, og det betyr at me nok hamnar på 500 tonn eksport av ostemasse når året er omme, smiler han.

Neste år er eksportbudsjettet på 540 tonn, medan dei reknar med at produksjon av chèvren vil liggje stabilt på 60 tonn.

– Kva blir ostemassen bruka til?

– Massen blir brukt i matindustrien. Mellom anna blir ho bruka i produksjonen av pizza, svarar Nesheim.

– Men i Noreg blir ho ikkje brukt?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, ho gjer ikkje det. Eg har vel ikkje svaret på det, men kan hende er det noko som heng att frå gamalt av – nordmenn og geitelukt, undrar han.

– Men det blir feil å samanlikne før og no når det gjeld geitemjølk, slår han fast.

Tener pengar – rosar staben

I 2014 omsette avdelinga for om lag 25 millionar kroner, og bedrifta går med overskot ifylgje Nesheim.

Han fortel vidare at han har vore bortskjemt med fantastiske medarbeidarar som har vore fleksible og vist at dei har ein ståpåvilje.

– Dei snur seg fort, og med eit særs lågt sjukefråvær tyder det vel at dei trivst her, seier han.

Han legg til at bedrifta i fjor vann ein pris for arbeidet med chèvren og råstoffet – frå bås til bord.

– For premien skal me ha ein fagtur neste haust, seier han.

Og som om det ikkje var nok så fekk bedrifta sylvog bronsemedalje for høvesvis chèvre naturell og ramslauk på skanidnavisk utstilling i Danmark 1. november i år.

– Det er stas, og me konkurrerte med mange andre produsentar i Skandinavia, fortel han.

Reisa held fram

Nesheim seier at han ser ljost på framtida for bedrifta, men at han samstundes er spent på kva som skjer i 2020 med tanke på tollbarrieren og kva reguleringar EU kan finne på så setje i verk.

– Eg ynskjer ikkje å stoppe no, og eg håpar og trur at reisa vil halde fram i mange år endå. Me må nok førebu oss på nye humpar, men saman er me sterke og gode, avsluttar Nesheim.