Dama på steinen var eit populært fotomotiv for turistane om bord på Victoria.

Svånaug er borte

Den vesle dama i betong blei gysa fast med sement på Svånaugsteinen i Sundkilen ein solfylt laurdag i mars 2012. Nå er ho borte.

Berre nokre få veit grunnen til at denne hageskulpturen, signert Gino Mancha, 1967, fekk plass på steinen i innseglinga i Sundkilen. Den havfrueliknande jenta skapt av den italiensk-svenske kunstnaren blei sjølvsagt døypt Svånaug.

Då dama blei støypt fast, denne vakre marsdagen for 12 år sidan, blei det fabla om at kanskje tidlegare Kvitsund-elev, Lillian Müller, burde vore invitert til ein avdukingsseremoni. Det blei bare med tanken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svånaug på steinen blei populær og kjent. Same året som ho blei gysa fast, blei ho eit innslag i NRK sitt program om Telemark-kanalen minutt for minutt. Skinande av blank bronsemåling blei ho fotografert av mange.

Ho fekk mange vener. Eit løyndomsfullt smil om munnen tyda på at ho lika merksemda. Men nå er ho borte. Noko kriminelt er det neppe. Truleg er det isen som har tatt ho med seg.

Tenk om det kom ein ny skulptur på steinen til Svånaug!

Steinen fekk forresten namnet sitt etter trollkjerringa som budde på Høgås saman med trollgubben Søren.

Trollparet lika kleint at det blei bygt kyrkje i Kviteseid. Dei tok kvar sin stein og kasta mot kyrkjebygget. Men dei bomma. Svånaug sin stein blei liggande i Sundkilen.

Nå kan ein bare håpe at det kjem ein ny attraksjon på steinen.

Tenk om ei avstøyping av eit av bilethoggar og professor Gunnar Utsond sine verk hadde overtatt plassen på steinen. Det hadde vore stas for reisande i kanalen og Kviteseid.