Boergeit: Den fem dagar gamle killingen har ikkje fått namn ennå. – Den hadde passa til å heite Flekken, men det namnet gav me ein av dei andre, fortel Signe Elise.

Signe Elise (13) er glad for at ho veks opp med dyr. – Når desse små geitene hoppar og sprett rundt meg, så blir eg glad

Signe Elise Nordbø Nes har alltid vore glad i dyr. Og dei siste dagane har vore travle.

Dei siste nettene har ho hatt vekkarklokka på — klokka to, klokka fire og klokka seks. For å sjekke korleis det står til i geitefjøset.

Dei har fått tre små geitekillingar på garden, og ventar fleire. I fjøset er det kamera og på mobilen sin kan Signe Elise sjå korleis det står til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trygg: Denne killingen var mindre enn dei andre og har fått litt ekstra omsorg. Den kviler trygt i fanget til Signe Elise.

Fekk fri frå skulen

Ein dag då ingen av foreldra var heime fekk ho også fri frå skulen for å vere heime og sjå til geitene.

– Men den dagen blei det ikkje fødsel, fortel ho.

Killingane kom dagen før, og dagen etter.

Signe Elise passar på at dei får nok mjølk, og at dei held seg varme.

Då den eine boergeita fekk tvillingar var mora berre oppteken av den største killingen. Ho slikka den største rein, men let den minste vere. Då brukte Signe Elise hårfønar til å tørke den minste med.

Killingen var mykje mindre enn dei andre og strevde litt med å stå på beina. Men nå sprett den rundt. Kanskje har den også blitt litt ekstra glad i folka på garden. Den kviler seg lenge i fanget til Signe Elise.

Tvillingar: Den eine geita fekk tvillingar. Den eine vog 2.1 kilo. Den andre vog 4,8 kilo. Den minste måtte få litt ekstra omsorg. Mamma Britt Nordbø (t.v.) meiner minstejenta lærer mykje av å vere tett på dyr.

Fleire dyr

Det er ikkje berre geiter dei har på garden Nes i Nissedal. Ute på tunet trippar det høner. Og på jordet står det to islandshestar.

– Det er denne eg brukar å ri på, fortel ungjenta, og klappar litt på den minste av dei to hestane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Islandshest: Dei har to hestar på garden.– Det er denne eg brukar å ri på, fortel Signe Elise.

I tillegg har familien tre bikkjer, og to kattar.

Boergeitene kom til garden i fjor haust. Det er bratt på Nes, så bratt at det er vanskeleg å kome til med maskiner. Planen er at geitene nå skal beite i dei bratte bakkane.

– Dei et for det meste lauvtre, fortel mor til Signe Elise, Britt Nordbø.

Ho har også tenkt at dei kan låne vekk geitene, om det er andre som ynskjer hjelp til å halde lauvskog nede.

– Men det er ikkje lov å berre ta ei geit. Desse geitene er flokkdyr, seier Signe Elise.

Om nokon vil låne geitene til beiting må dei altså ta heile flokken.

Familien har tre vaksne geiter som alle får killingar i år.

Lærerikt: Familien på Nes har tre vaksne boergeiter som får killingar i vår.

Synest alle burde vekse opp med dyr

Signe Elise fortel om dei små geitene som hopper og sprett når ho kjem inn til dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då blir ein glad, seier ho.

Og om ho er aleine heime, så kjenner ho seg tryggare med alle dyra rundt seg.

– Det hjelper veldig, seier ho.

Garden Nes ligg litt for seg sjølv i Nissedal. Og Signe Elise har nokre kilometer til nærmaste leikekamerat.

– Det er jo både fordelar og ulemper med å bu slik, seier mora Britt.

Ein av fordelane er at ein kan ha dyr.

Britt ser kor mykje dottera lærer av å vere saman med dyra. Og Signe Elise er glad for at ho veks opp med mange firbeinte rundt seg.

– Eg synest alle burde vekse opp med dyr, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hane, høner og kyllingar

Det er fleire små på garden. Under ei varmelampe ligg det tolv små kyllingar. Og i rugemaskina er det 17 egg.

Kyllingar: Under ei varmelampe er det tolv små kyllingar.

Ute på tunet er det åtte høner, som legg egg med ekstra gul plomme. Det er også to hanar på garden.

Sjefen: Hønene og hanen går fritt ute på tunet. Denne hanen held styr på flokken.

Signe Elise løfter opp den eldste av hanane. Det er han som er sjefen, og passar på hønene. Han flaksar litt i det ho løfter han opp, men fell raskt til ro i armane til trettenåringen.

Passar på: — Me vil alltid ha ein hane i flokken. Både for å få kyllingar, men også fordi høner kan vere stygge med kvarandre. Det hjelper når det er ein hane der, fortel Britt.

Signe Elise kan godt tenke seg å bu på gard når ho blir vaksen.

– Eg er jo veldig glad i dyr.

Og ein ting er ho heilt klar på.

– Er det eit dyr eg heilt sikkert kjem til å få når eg blir vaksen, så er det bikkje. For bikkje har eg alltid hatt, seier ho.

Vil ha bikkje: Signe Elise vil i alle fall ha bikkje når ho blir vaksen. Her er ho saman med Jeger, Nero og Milo