Måndag var ein tung dag for dei tilsette ved Eik-senteret. – Me tek vare på dei tilsette så godt me kan

Dagleg leiar ved Eik-senteret i Seljord Agnar Andersen stadfester at den omkomne i ulykka fredag kveld var tilsett der.

Måndag var ein tung dag for dei tilsette ved Eik-senteret på Århusmoen industriområde. Ein av kollegaene deira mista livet i den tragiske ulykka på området fredag kveld.

– Me tek vare på dei tilsette så godt me kan. Me pratar med kvarandre og forsøker å vera medmenneske. Me passar også på at alle kjem seg på jobb, seier Andersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel også at verksemda sundag fekk hjelp frå det kommunale kriseteamet.

Eik-senteret i Seljord har ifylgje dagleg leiar i alt ni tilsette.

Frå morgonen av måndag heldt dei stengt fram til tolv.

– Då opnar me som vanleg, informerer han.