Heider og ære til ny Chevre-ost

Frå hovudscenen på Noregs største landbruksmesse Dyrsku’n fekk Tine utdelt Spesialitet-merket for Chevre Ramsløk frå Haukeli.

– Det har skjedd ein eksplosjon av kvalitetsprodukt av norsk geitemjølk, og Tine er i førarsetet, sa avdelingsdirektør Tom Roterud frå Matmerk, då han delte ut diplomet for unik smak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Chevre Ramsløk er ein frisk og aromatisk chevre med mjuk og krema konsistens, den blir laga på ysteriet på Haukeli og har altså nå fått merket for unik smak. Ein uavhengig fagjury, leia av Lars Sponheim, har gjort ei grundig vurdering av osten. Dei blei imponert over smaken og kvaliteten på denne geitosten.

– Spesialitet-merket er viktig for oss fordi det fortel forbrukaren om eit særeige produkt med ein unik smak og det handverket som ligg bak osten, seier meieribestyrar i Haukeli, Hans Nesheim.

Chevre Ramsløk blir produsert på førsteklasses geitemjølk frå gardar og setrer i Vest-Telemark og Rogaland. Ysteri blei stiftet i 1938 og Chevre Ramsløk er nå ysteriets tredje Chevre som ber Spesialitet-merket. Osten krev ein helt spesiell produksjonsmetode der veldig mykje av arbeidet blir gjort manuelt.

– Mat med særeigen smak og lokal identitet er i vinden. Kvaliteten på det som blir laga rundt omkring i Noreg blir stadig betre, og nålauget for å få Spesialitet-merket trongare. Spesialitet er ikkje til sals, det må du både bevise og fortene, og det gjer denne osten til gangs, sa avdelingsdirektør Tom Roterud frå Matmerk under utdelinga.

Spesialitet-merket er eit kvalitetsmerke for norskprodusert mat og drikke, basert på dei beste lokale råvarene, særeigne lokale oppskrifter og laga av stolte fagfolk.

Matmerk er ei stifting oppretta av Landbruks- og matdepartementet. Hovudoppgåva er å styrke konkurranseevna til norsk matproduksjon gjennom kvalitetssystem, merkeordningar og marknadsføring.

Om den nyaste osten frå meieriet i Haukeli heiter det: Den er framifrå til kjøtt og fisk, den høver som ingrediens i supper og sausar og den passar godt på ostebord saman med brød og kjeks.

– Me er spente på korleis marknaden tek imot osten. Me legg opp til ein produksjon på 10 tonn i året og det er eit flott supplement til dei andre variantane me lagar, seier meierisjef Hans V. Nesheim.