Hanne Menah Thorsdalen Styhr har mange ballar i lufta, og no satsar smykkekunstnaren på ope verkstad i Rauland sentrum.
Hanne Menah Thorsdalen Styhr har mange ballar i lufta, og no satsar smykkekunstnaren på ope verkstad i Rauland sentrum.

Satsar på sølvtrådar

Hanne Menah Thorsdalen Styhr har mann, to barn og vil på skulebenken til hausten. Likevel har ho tid til å opne ein verkstad med utsal i Rauland sentrum.

Hanne Menah Thorsdalen Styhr kjem opphavleg frå Jonsdalen, men kom til Rauland for to år sidan for å gå på metallina ved folkekunststudiet på Høgskulen i Telemark. Med seg på lasset hadde ho mann og to barn.

Avgjersla om å sette seg på skulebenken var eit vendepunkt for familien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me brente rett og slett alle bruer. Eg er utdanna webdesignar og hadde ein godt betalt jobb som marknadskoordinator og designar. Etter ein lang samtale med mannen min om kva me ville ha ut av livet kom endringane. Me selde huset og eg sa opp jobben. Deretter reiste me til Rauland, seier Hanne Menah Thorsdalen Styhr.

Det har vore to knallharde år med kombinasjonen skulegang og familie for kunstnaren, men ho har ikkje angra på avgjersla.

– Det har vore tøft, men det er verdt det. Det viktigaste er barna, og dei stortrivst her. Barnehagen er heilt super, seier ho.

Magedans blei til smykkefeber

Thorsdalen Styhr har drive på med magedans i åtte år og hadde sin eigen danseskule i Enebakk ei stund. Det var dansen og det miljøet som gjorde til at ho fekk sansen for smykke.

Sidan 2003 har ho laga trådsmykke i sølv med firmanamnet «Fairy Design», og det var denne interessa som fekk ho tilbake til skulebenken.

No vil Thorsdalen Styhr prøve seg på to nye år på skule, men då på masterlina på høgskulen. Samstundes satsar ho på å ha verkstad med utstillingslokale.

Verkstaden flytta ho inn i mai. Den ligg i andre etasje på Sondov i Rauland sentrum.