Fekk faktura etter at kommunestyret snudde
Fyresdal kommune betaler Bjørn Veum Seljevold nesten 100 000 kroner.
Planutvalet i Fyresdal sa fyrst ja til Bjørn Veum Seljevold sin plan om 153 hyttetomter i Hauggrend. Då saka var oppe i planutvalet ved andre gongs handsaming, blei det kuvending. Dei to medlemene frå Sp sa nei til planen, medan dei tre Ap-representantane sytte for at saka blei utsett. Saka enda i kommunestyret. Med ti mot sju røyster blei det nei til planen.
Seljevold fekk hjelp av advokat til å klage på vedtaket. Andre gongen i kommunestyret blei planen godkjend.
Etterpå kom det ein faktura til Fyresdal kommune med krav om å få dekt 96 000 kroner i kostnader for å hyre advokathjelpa Seljevold trong etter fyrste vedtaket i kommunestyret. Kommunen blir minna på at etter forvaltingslova fylgjer det at klagar har krav på dekking av sakskostnader når eit vedtak er endra til gunst for parten.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP