LESARINNLEGG
Veto mot Fornybardirektivet frå EU
Etter gjestinga av energikommisær Kadria Simson, kom det straks ei sterk åtvaring til den norske regjeringa: Innfør Fornybardirektivet straks, før august, elles vil det få alvorlege konsekvensar for Noreg. Tenk å koma med slike trugsmål mot eit venlegsinna land som leverar så mykje energi til EU, i 2022 gass tilsvarande 100 TWh.
EU har som mål at 42,5 % av all straum skal vera fornybar. Noreg er ein del av dette på grunn av medlemskapet i EØS. Direktivet går fyrst og fremst ut på krav om rask handsaming av søknader om utbygging vindkraft. For at norske kommunar skal ha hand om vindkraftutbygginga er det innført reglar om at slik utbygging skal handsamast etter plan og bygningslova. Dette vil til vanleg sei 6-7 år. Etter Fornybardirektivet skal det vera 2 år for landvind og 3 år for havvind. I tillegg skal det peikast ut område for maks 1 års handsaming, 2 år for havvind. Dersom fristane ikkje blir haldne er søknadene automatisk godkjent.
Etter nye norske reglar har kommunane vetorett. Men EU retten går framfor nasjonal rett. Slik blir plan og bygningslova sett ut av kraft og kommunane misser styringa over slik utbygging. Det blir ikkje plass for konsekvensutgreiingar eller folkeleg ordskifte. Dette er eit av dei alvorlegaste åtak på det norske demokratiet frå EU.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP