Gode historier: Ein gjeng motorsykkelentusiaster frå Tromsø var på ein sju dagar motorsykkeltur. Dei hadde sitt fyrste stopp på Straand Hotell i Vrådal. Hotellvert Lars Arne Straand (f.v.), støttespelar Ole-Andreas Isdahl, guide Terje Bredal, motorsykkelturistar Geir Amundsen og Jonny Olsen. Foto: Kari Smeland

Vrådal vart fyrste stopp for motorsyklistane frå Tromsø

Fredag var Straand hotell i Vrådal igjen ope for gjester. På parkeringsplassen sto fleire rekker med motorsyklar. Ein kameratgjeng hadde tatt turen heilt frå Tromsø til den vesle turistbygda i Vest-Telemark.

Rett nok vart motorsyklane til kompisgjengen frakta til Oslo, medan eigarane tok fly. I hovudstaden sette dei seg på motorsykkelen og med Terje Bredal som guide fann dei vegen ut av Oslo, til Vestfold og Telemark.

Dei stansa ved Vrangfoss, køyrde til Ulefoss, Lunde, langs Flåvatn til Fjågesund før dei svinga seg oppover kleivane til Vrådal.

– Telemark er indrefileten for motorsykkelkøyring, fortel Terje Bredal.

Han er frå Sandefjord, og er guide for fylgjet. Bredal arbeider med eit konsept der han vil tilby arrangerte turar og guiding for motorsyklistar, og gjengen frå Tromsø er prøvekaninar for konseptet. Bredal fortel at dei også har planar om å bruke Straand hotell som base for motorsyklistar som vil oppleve området i nærleiken med dagsturar på to hjul.

Reisefylgjet frå Tromsø skal overnatte på historiske hotell, og guidane har i tillegg til å finne småvegar der det er ekstra fint å køyre motorsykkel, fokus på god mat og drikke, og det sosiale på turen.

Satsar på motorsyklistar

Det var god stemning, og eit fornøgd vertsskap som endeleg kunne ta imot gjester på hotellet igjen. Motorsyklistane var veldig velkomne.

– Det er slike folk me vil ha meir besøk av. Det er så triveleg og moro, fortel drivaren av hotellet, Lars Arne Straand.

Det er eit svært spesielt år, og reiselivsnæringa er ei av næringane som er hardt ramma av koronapandemien. Men vertskapet på Straand er positive, og fortel at dei vil særleg satse på motorsyklistar og bilentusiastar i tida framover.

– Nå er det krise i næringa. Då må me gjere kaka større, og ikkje konkurrere med kvarandre, men jobbe saman, seier han, og peikar på fleire samarbeidsprosjekt næringa har for å få fleire tilreisande til regionen.

Les også
Ser det historiske hotellet som ei unik moglegheit

– Det er rekreasjon

Det meste av turen frå Oslo til Vrådal var kameratane frå Tromsø heldige med vêret, men det siste stykket fekk dei regn. På kvelden møttest dei igjen for ein god prat, latter, god mat og drikke, og historier frå vertsskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tiande gong kompisgjengen reiser på noregsreise på motorsykkel. To gonger har dei køyrt nedover Europa. På veg heimover frå ein bursdagstur til Spania og Portugal for eit par år sidan, stansa dei to kompisane Geir Amundsen og Jonny Olsen på Straand hotell i Vrådal. Det hadde Amundsen i minne då årets tur skulle planleggast.

– Eg ringde til Lars, og me hadde ein god, lang samtale, fortel Amundsen, og slik vart Vrådal fyrste stopp på årets reise.

Han fortel at det ikkje går an å samanlikne ei reise med motorsykkel og bil.

– Når du køyrer motorsykkel så luktar du kor dei steiker vaflar, du kjenner kulda frå ein bekk. Dei som ikkje har køyrt motorsykkel veit ikkje kva dei går glipp av. Når eg tek hjelmen på så gløymer eg alt anna, seier Amundsen.

– Det er rekreasjon, samtykker Bredal.

– Det er også eit kameratskap mellom motorsyklistar, og eit sosialt miljø med veldig godt samhald, seier Amundsen.