På Storegut: Snart 16 år gamle Aurora Lie Verpe frå Bøgrend var ein av seks kvedarar på Tinnsjø-konserten.
Anne Sofie Tresland
Så sigla dei over Tinnsjøen
Kappleiksfredagen på Rjukan blei ein strålande folkemusikk-sommardag.
Medan somme sat innandørs i Såheimshallen og høyrde på B-klasse hardingfelespel og andre på Rjukanhuset og høyrde på B-klasse kveding, hadde hundre andre løyst togbillett frå Rjukan stasjon til Mæl. Rjukanbanen, eller Vestfjorddalsbanen som han heitte opphaveleg, blei bygt av Norsk Hydro og opna av Kong Haakon i 1909. Banen blei nedlagt i 1991.
Rjukanbanen
Men i dag går toget. Folk klatrar om bord og plasserer seg i kupeane. Ute nærmar gradestokken seg tretti, og fleire av passasjerane mimrar om togturar før i tida. For glasa kan opnast! «Farleg å bøye seg ut», står det på skiltet, og passasjerane ventar tolmodig på fløytesignalet som indikerer at toget snart rullar i gang. Og der – svalande vestfjorddalluft fyller kupeane medan me sakte køyrer forbi Ingolfsland stasjon. Somme av passasjerane saknar karaffelen med vatn, og dei små kvite pappbegera å drikke av. Men i den grad fludium skulle fortærast her, måtte ein nyte medbrakt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP