Terje Nekstad døydde tysdag.

Terje Nekstad er død

25. februar døydde Terje Nekstad brått og uventa heime i Vrådal.

Nekstad har gjennom fleire tiår vore ei aktiv og engasjert eldsjel.

Særleg har Nekstad lagt ned ein utruleg stor innsats for idrett og fotball i Kviteseid og heimbygda Vrådal. Han har vore fotballtrenar for ei rekke lag og var primus motor i å starte opp fotballskulen i Vrådal som framleis er utruleg populær blant fotballglade barn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nekstad har gjennom åra fått fortent mykje heider for sin årelange frivillige innsats. I 2008 vart han kåra til årets vesttele, i 2011 fekk han Kviteseid kommune sin kulturpris og i 2015 fekk han Smørbukkprisen saman med kona Bjørg.

Terje Nekstad vart 69 år.