Gratulerer så mykje med dagen morgedølar og anna godtfolk

Eg må innrømme det med ein gong. Eg er litt misunneleg på Morgedal.

For all del eg er både glad i og stolt av Åsgrend. Men det er liksom eitt steg opp til Morgedal med sitt internasjonale snitt.

Denne leiaren var i utgangspunktet årets 17.mai-tale i Morgedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

De har skipioneren Sondre Norheim og polfarar Olav Bjaaland, berre for å nemne eit par personlegdomar som har sett Morgedal på kartet. De har vore utgangspunktet for tre olympiske leiker. Og så har de festival, hotell, gourmetrestaurant – og ikkje minst verdas største vogge!

Sjølv har eg blitt forma av morgedølar. Det var Inger Marie Bang og Jon Fisketjønn som heldt ut med oss meir eller mindre veloppdragne ungane i Åsgrend. Og innimellom var Olav Kjetil Bang innom som vikar. Han hadde med seg gitaren og song «Livet er for kjipt».

Men livet var langt frå kjipt. Dette er gode minne som sit planta 35 år etter.

Når me i dag feirar 17. mai og hyllar vår fridom og sjølvstende, er det viktig å også rette blikket utover, mot verda omkring oss. Me lever i ei tid prega av krig og uro, der mange land og menneske står overfor uforutsigbare og brutale utfordringar. Som nordmenn er me heldige som bur i eit land der fred og demokrati er grunnlaget for vår kvardag. Samstundes minner dagens globale situasjon oss om kor skjør denne fridomen kan vere, og kor viktig det er å verne om dei verdiane me held kjærast. La oss bruke denne dagen til ikkje berre å feire, men også til å reflektere over vår rolle i verda – som eit land som kan bidra til fred, rettferd og hjelp til dei som treng det mest.

Mange har funne seg ei trygg hamn i Noreg. Me kan alle gjera velkomsten deira litt enklare. Eit enkelt smil er i seg sjølv eit hyggeleg signal å sende.

Eg er så heldig å vera redaktør i Vest-Telemark blad. Lokalvisa vår som blei stifta for vel 50 år sidan. For meg handlar 17. mai i stor grad om retten til å kunne meine det eg vil. Retten til å ikkje frykte represaliar for jobben eg gjer. Når me ser rundt oss i verda er det langt frå sjølvsagt.

Me bur i det landet i verda der mediene har best vilkår for å gjera jobben sin. Det skal me vera ekstra stolte av på ein dag som denne. Pressefridomen er ein sentral del av ytringsfridomen som er beskytta i Grunnlovas paragraf 100.

Det verste eg som redaktør kan oppleve er ein misfornøgd ordførar eller kommunedirektør, eller lesarar som meiner me enten er alt for snille, eller at me er alt for negative. Eller lesarskribentar som trur ytringsfridom er det same som att ein har rett til å få trykk alle udokumenterte påstander ein har plukka opp på Facebook – og at ein gjerne også må få kunne spreie både eder og galle om naboen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det lever eg veldig greitt med.

Pressa har rolla som offentleg vaktbikkje, informasjonskanal og tilretteleggar av ein open og opplyst samtale. Vest-Telemark blad skal vera limet i lokalsamfunnet som skriv om basaren på bedehuset. Og me skal vera lupen som ser dei som styrer i korta.

Redaktørstyrte medier er i 2024 viktigare enn nokon gong i ei tid der lause påstandar på sosiale medium lett blir oppfatta som fakta, og robotar som skal ha svaret på alt.

Me i lokalavisa står i ein spagat kvar einaste dag. Spagaten mellom å vera relevant omtrent døgnet rundt digitalt og samstundes gje dei som vil ha avisa på papir det dei forventar og krev.

Eg har respekt for at mange framleis føretrekkjer lokalavisa i papir. Derfor er kampen for at avisa også dei komande åra skal kome i postkassa til abonnentane som ynskjer det på utgjevingsdagen, ein kamp me kjem til å kjempe – slik at også desse skal kunne ta aktivt del i lokaldemokratiet.

Det skal ikkje bety noko kvar ein bur i landet. Me har alle dei same rettane.

I Vest-Telemark har me ein felles identitet. Sjølv om eg har vakse opp i Åsgrend føler eg meg mest av alt som vesttele. Det meiner eg dei som starta lokalavis i 73 skal ha æra av. Eg er stolt av å vera vesttele. Av dialekten og målforma. Stolt av regionen og identiteten vår.

I dag er me pynta til fest og godt i gang med feiringa. Det har gått 210 år sidan Grunnlova blei underteikna på Eidsvoll – fundamentet for fridomen vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

For dei minste handlar dagen om pylser, is, tog og leikar.

For andre handlar det kanskje om å lage den beste vegprivatiseringslimericken.

Og nokon synest sikkert det er heilt fint med ein fridag, som blir etterfylgd av helg – og jammen meg endå ein fridag på måndag.

La oss alle saman, store og små, nyte dagen med glede – og hugs på dei grunnleggande verdiane som gjer landet me bur i så spesielt.

Gratulerer så mykje med dagen!