Terje Nekstad vart lesarfavoritt i kåringa av Årets vesttele 2008. Her saman med bladstyrar i Vest-Telemark Blad, Knut Espelid.
Terje Nekstad vart lesarfavoritt i kåringa av Årets vesttele 2008. Her saman med bladstyrar i Vest-Telemark Blad, Knut Espelid.

Sportsidiot blei årets vesttele

Fotball og idrett generelt, står høgast for Terje Nekstad (57). Lesarane har bestemt at den frittalande, kokkelerande sportsidioten er årets vesttele.

I 1977 flytta Terje og kona Bjørg til Vrådal etter at dei møtte kvarandre ved kjøkkenbenken og grytene på arbeid. Begge er stødige til å kokkelere, og kven som lagar maten heime?

– Nei, me lagar bare mat når me har besøk, men nyttårseftan blei det kalkun, avslører årets vesttele som kallar seg sjølv «sportsidiot».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Helst fotball eller?

– Ja, men eg er galen etter all slags sport. Sportssidene er det fyrste eg blar opp i avisene, ler vrådølen som vart lesaranes favoritt.

Stor pågang

Tevlinga «årets vesttele» som vart halde for fjerde gong hausta stort engasjement både via røysteknappen på nettsida, på mobilen og via talongane som har vore i avisa. Det var Nekstad som gjekk av med den suverene sigeren med 682 røyster framfor meisterkokken Jesunesan Mariyanayagam med 502 røyster. Vidare fekk Torfinn Sanden 245 røyster, John Olav Hauetuft 200, Liv Lofthus 109 og Erik Skjervagen 31 røyster.

– Gratulerer, her har du det synlege beviset på at du er årets vesttele, seier bladstyrar i Vest-Telemark Blad, Knut Espelid.

– Takk, eg er utruleg stolt og glad for utmerkinga, smiler Nekstad nøgd.

Inn i laget

Når Terje Nekstad kom til Vrådal starta han som kokk på Straand hotell, og det tok ikkje lang tid før han også var med i styr og stell i idrettslaget i bygda.

– Det er kanskje frå denne greina folk kjenner deg best?

– Ja, eg har sitte som leiar i idrettslaget nå sidan 1999. Men då er det viktig å påpeike at det er lett å vere leiar når ein har så mange positive menneske som alltid stiller opp kring seg, smiler Nekstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner at hobbyen hovudsakleg er idrettslaget, og ein av dei største draumane hans er at det skal bli fødd 15 nye vrådølar i 2009.

– Då har me eit fotballag på sikt også då �

Ut til sjøs

Terje vart fødd i Molde, men flytta til Heistad som trettenåring.

– Pappa fekk jobb på Hydro, og då eg var ferdig på ungdomsskulen reiste eg til sjøs. Eg minnest godt dei fyrste vekene, eg var dårleg kvar einaste dag frå den dagen me segla frå Rotterdam. Eg var byssegut på papirbåt som henta varer på Newfoundland. Det var ein tøff kvardag, mykje alkohol og ein byrja raskt å drikke. Skulle ein overleve måtte ein det, seier Nekstad.

Han måtte fint bare halde ut det fyrste året, skulle ein mønstre av måtte ein betale for ny mann til arbeidet og heimreisa sjølv.

– Så det var ganske utelukka, seier vrådølen.

Etter året på papirbåt med få dagar fri fortsette Terje med meir byssejobb og som kokk på ferja mellom Oslo og København, deretter fekk han jobb på crusiebåt.

– Då lærte eg mykje, det var eit internasjonalt arbeidsmiljø og eg hadde heilt klart mykje praktisk erfaring med meg då eg starta på kokkeskulen i Oslo i 1970-71, fortel han.

Terje meiner bestemt at det var under byssetida på crusiebåt han bestemte seg for at den vidare karrieren måtte bli innanfor matlaging.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mat

Det vart litt meir båtliv etter kokkeskulen også, for Terje mønstra ut med torpedobåt for marinen i 15 månadar.

– Alt då eg gjekk på ungdomsskulen hadde eg vel ein idé om at eg ynskte å jobbe med mat. Eg minnest eg skreiv to stilar, i den eine skreiv eg at eg skulle bli gartnar, men i den andre ville eg bli bakar, smiler Nekstad som aldri har tvila på yrkesvalet han tok.

– Men du droppa kokkearbeidet på hotell og starta innanfor institusjon i staden då du byrja som kokk på omsorgssenteret i Kviteseid?

– Det er stor forskjell på hotell og institusjon, det er vel svært få kokkar over 40 år som held ut på hotella. Slik er arbeidskvardagen min mykje betre. Eg veit kva eg skal gjere, og ein kan planleggje langt fram i tid, seier Nekstad og nemner utrykket «der svømte me som grisar».

– Og det tyder?

– Det er noko me seier på kokkespråket når ein mistar styringa, ler Nekstad.

– Men du kan mykje om mat?

– Tja, men eg er nok ikkje flink nok til å fornye meg, seier han blygt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Drøymde om proffliv

Nekstad meiner at han, som mange andre unge, drøymde om å bli proffspelar.

– Eg spela på løkka og på Herøya. Då eg var ute til sjøs, i jobben på ferga mellom Noreg og Danmark trena me fast i Oslo kvar sundag. Men det vart aldri nokon karriere, eg gav meg som spelar og starta som trenar i staden, smiler han.

Primus motor

I 1983 reiste han til hovudstaden med sitt fyrste lag på Norway Cup, og det har blitt mange slike turar med åra. Den fyrste gongen var det lilleputtlag, seinare har han vore trenar for både gutar og jenter.

Nå til sommaren blir den 25. fotballskulen i Vrådal arrangert, og Terje har vore med heile vegen som primus motor.

– Eg minnest då me starta opp. Morten Larsen, Anne Borgersen, Johan Straand og eg kom saman for å sjå om dette var noko me kunne realisere, seier han.

– Var det andre fotballskular på denne tida?

– Det er eg ikkje heilt sikker på, men me er i alle fall den fotballskulen i Telemark og kanskje i landet som har halde på med eit femdagarstilbod og det same konseptet i så mange år. Det fyrste året var det 72 deltakarar, dei seinare åra har det vore opp mot 300, så det er eit stort apparat, seier Nekstad.

– Og alle stiller opp?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er ikkje mange som ikkje blir med. Pensjonistane lagar mellom anna nistepakker, så medhjelparane er frå 80 år og nedover, smiler Nekstad stolt og meiner det er godt gjort at vesle Vrådal klarer å få til eit så stort arrangement år etter år.

– At klubbar som Odd og Pors får til slike arrangement er ein ting, noko anna er at vesle Vrådal får det til, smiler han.

Bygda står saman

– Fotballskulen er ei god inntektskjelde?

– Me har bygd både ballbinge og klubbhus der me har henta inntekter frå fotballskulen, og eg vart stolt då fotballkrinsen bad meg halde eit foredrag om korleis vrådølane klarer å halde oppe den gode dugnadsånda. For me er ikkje mange, men folk stiller opp det dei klarer. Nokon er med på mykje, andre tar litt. Me må ta omsyn til at alle ikkje kan vere like mykje med, meiner idrettsleiaren.

– Eg er ikkje sinna

Kjem ein i prat med «Mr. Vrådal» om visse tema, ta til dømes kunstgrasbanar, blir han raskt engasjert.

– Du hevar stemma litt då?

– Ja, men eg er ikkje sinna altså, sjølv om nokon har oppfatta meg slik. Eg blir ivrig når eg er engasjert i noko. Og det er bare slik eg er, det er nok for seint å gjere noko med det nå, trur han.

– Folk kjenner godt til kva du meiner om kunstgraset?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, og eg skal forbanne meg på at det ikkje kjem nokon fleirbrukshall i Kviteseid, nå som dei skal byggje den banen, seier han bestemt og påpeikar at det burde heller kome hall og garderobar på plass før banen blir bygd.

Skuffa

Nekstad gjekk tidlegare i haust ut og uttala seg negativt om satsinga på kunstgrasbane.

– Det vart mange reaksjonar, eg fekk mange telefonar og meldingar frå folk som støtta det eg hadde sagt, men lesarbreva som kom i avisa om at eg var med på å undergrave barne- og ungdomsarbeidet i bygda. Det skuffa meg. Det er vel ikkje mange som til dømes har vore meir på ein fotballbane enn meg, seier han og innrømmer at hovudet har vore fylt av tankar om kunstgras frå han vakna til han la seg på kvelden det siste året.

Kan bli gode att

– Kva trur du om fotballframtida til vesttelane?

– Eg trur det kan bli gode lag i Vest-Telemark att. Men då er samarbeid viktig og ein må byggje gode lag heilt frå botnen av. Eg minnest godt tidleg på 80-talet, då var det tri A-lag og eitt B-lag bare her i kommunen, og eigne seriar i Vest-Telemark. Nå er det ikkje mange att i regionen. Skal ein bli god må ein satse med laga utanfor regionen. Det er nok for mange tilbod for dei unge nå, trur Nekstad.

Han har også gode minne frå damelaget han trena i Kviteseid på slutten av 80-talet.

– Laget var i 2. divisjon og møtte mellom anna Røa, som i dag er Noregs beste damelag. Så moglegheitene finst også her, smiler årets vesttele.