Det har blitt planlagt og lagt ned mange tusen dugnadstimar av Terje Nekstad og Vrådal idrettslag. – Men det er bare moro når folket rundt meg er så positive, seier leiaren som har styrt Vrådal idrettslag sidan 1999.
Det har blitt planlagt og lagt ned mange tusen dugnadstimar av Terje Nekstad og Vrådal idrettslag. – Men det er bare moro når folket rundt meg er så positive, seier leiaren som har styrt Vrådal idrettslag sidan 1999.

Sportsidioten som elskar dugnad

Årets kulturpris i Kviteseid går til Terje Nekstad og Vrådal idrettslag, ein kulturinstitusjon som gjer eit flott og inkluderande arbeid for barn og unge i kommunen. Å bli tildelt årets kulturpris plasserer idrettslagsleiaren i Vrådal som den største sigeren han har opplevd. Rørt over at folk legg merke til innsatsen han gjer, takkar han dei som alltid stiller opp. – Dugnad er gøy. Eg elskar dugnad og å få til ting utan at det kostar noko, seier prisvinnaren.

Sektorutvalet for oppvekst og omsorg (SOO) i Kviteseid vedtok torsdag at Terje Nekstad og Vrådal idrettslag får kommunens kulturpris for 2011.

– Me diskuterte fleire innkomne framlegg, men det var samrøystes at det nå var rett og gje prisen til Terje og idrettslaget i Vrådal, seier leiar for SOO Anne Oddny Foldøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare år har ikkje prisvinnaren blitt offentleggjort for overleveringa på Kviteseiddagen som blir arrangert seinsommaren på bygdetunet.

– Nå fann me ut at det var rett å offentleggjere vinnaren slik at personen og laget kan bli profilert litt i forkant av den offisielle tildelinga, uttalar Foldøy.

– Lagspelar og folkeleg

Kva var grunnen til at de valde årets vinnar?

– Terje er, saman med idrettslaget i Vrådal, ein kulturinstitusjon for Vrådal og heile kommunen. Ein kan nemne det flotte arbeidet han gjer for barn og unge, fotballskulen som har blitt ein suksess. Han er inkluderande, og er med å drive idrettslaget i bygda på ein triveleg og folkeleg måte, rosar Foldøy.

Ho meiner det verkeleg var på tide å gje prisen til årets vinnar.

– Nå var tida komen for å påskjønne arbeid blant barn og unge i kommunen, avsluttar SOO-leiaren, og seier at det synlege beviset av kulturprisen og ein gåvesjekk på 10.000 kroner blir delt ut på Kviteseiddagen i august.

– Den største sigeren

Rett etter at SOO-møtet var over torsdag fekk assisterande kjøkkensjef på Kviteseid omsorgssenter (KOS), Terje Nekstad, melding om prisen frå leiar i SOO, Anne Oddny Foldøy.

– Det er ei ære å få denne utmerkinga, og moro at ein slik pris går til idretten. Det er fyrste gong det skjer i Kviteseid. Eg blei både glad og rørt. I idretten må ein takle siger og nederlag. Dette er kanskje den største sigeren for meg, seier Terje som runda 60 år i januar og omtalar seg sjølv som sportsidiot.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han takkar folket rundt seg, bygdefolk og familie.

– Kulturprisen kunne like fort gått til Kristi Tveit og Kviteseid idrettslag eller Tarjei Gjelstad og Morgedal idrettslag. Dei gjer eit fantastisk arbeid for idretten, rosar Nekstad.

Han fortel at idrettslaget har vore ein viktig aktør for han heilt sidan han flytta til Vrådal i 1977.

– Kjem ein som innflyttar til ei bygd er idrettslaget, eller andre lag for den saks skuld, ein fin måte å bli kjent med folk på. Ein sklir rett inn i miljøet, meiner Terje som har sitje som leiar for Vrådal idrettslag sidan 1999.

Det har blitt tusenvis av dugnadstimar, men det ser Terje på som bare hyggeleg.

– Eg har vore heldig sidan både kone, dotter og svigerson også er så engasjert i idrettslaget. Det blir lettare å engasjere seg når også dei vil jobbe for fellesskapet, meiner han.

Fotballskulen

Terje var med å starta den populære fotballskulen i Vrådal for 27 år sidan.

– Kvar sommar har ei ferieveke blitt nytta til arrangementet. Når me starta fotballskulen var dotter mi Solveig 9 år. I år er det barnebarnet Alise på 10 år som deltek på arrangement eg er med på for 27. gong. Så eg har halde på nokre år, gliser Terje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire prisar

Terje har motteke fleire prisar for innsatsen han har gjort i heimbygda. Terje har fått jolegleda til TA, kringla til Varden, han har fått innsatspokal frå idrettskrinsen i Telemark, halde innlegg på idrettskrinsseminar om korleis dugnadsanden blir halde ved like i Vrådal, og han blei i 2008 kåra til årets vesttele av VTB-lesarane.

– Alle timar ein har nytta for fotballen, barn, unge og idrettslaget blir så verdt det. Og folk i Vrådal er så positive, dei stiller bestandig opp, smiler han.

Terje fortel at det kvart år blir lagt ned 13,2 årsverk i dugnadsarbeid innanfor idretten.

– Gangar ein dette med 400.000 kroner synleggjer det litt av arbeidet som blir gjort friviljug. Og dugnad er gøy. Eg elskar dugnad. Få til ting utan at det kostar noko er fantastisk, seier Terje.