Terje og Bjørg Nekstad fekk Smørbukkprisen for lang og tru teneste for å skape liv i bygda si.
Terje og Bjørg Nekstad fekk Smørbukkprisen for lang og tru teneste for å skape liv i bygda si.

Bjørg og Terje fekk Smørbukkprisen

På Vrådalsdagen blei Smørbukkprisen delt ut for andre gong. I år var det ekteog radarparet Bjørg og Terje Nekstad som fekk prisen, som Solveig Muren Sandens stifting står bak.

– Smørbukk skapte aktivitet, liv og røre rundt seg, og det gjer årets mottakarar også. Bjørg og Terje er sjølvskrivne til å få denne prisen, seier Svein Straumsnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han trekkjer fram arbeidet med idrettsbanen i Vrådal og den årelange innsatsen for fotballskulen som eit område der ekteparet Nekstad har vore viktige – blant mykje anna.

– Dei er eit utruleg godt team, utfyller kvarandre på ein veldig god måte, seier Straumsnes.