På samling i Vrådal: Representantar frå ungdomsråda i Vest-Telemark frå venstre: Abdi Lognvik Vartdal (Seljord), Sverre Nygård Ståland (Tokke), Omar Mtiri (Nissedal), Hannah Haakenstad (Fyresdal), Thea Elida Aksvik Wienenga (Vinje), Margit M. Kostveit (Vinje), Marte Straand (Kviteseid) og Andrea Halvorsen (Kviteseid).

Ungdommen om ulykker: – Det rammar hardt når det fyrst skjer noko

Ungdomsråda i Vest-Telemark er opptatt av å førebyggje ulykker, og dei har mange tankar om korleis ein kan gjere det.

Kommunane i Vest-Telemark har gått saman om å lage ein plan for å førebyggje ulykker. Der er målet at ingen skal bli hardt skadd eller miste livet ved bruk av motoriserte køyretøy. Dette var tema då ungdomsråda i regionen var samla i Vrådal. VTB fekk ein prat med ungdommen om kva dei meiner er viktig for å unngå alvorlege ulykker.

Rammar hardt

– Det er for mange som tek risiko, seier Omar Mtiri frå ungdomsrådet i Nissedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Oftast går det jo bra, legg han til.

I ungdomsråd: Sverre Nygård Ståland frå ungdomsrådet i Tokke og Omar Mtiri frå ungdomsrådet i Nissedal.

Men ungdommane kjenner også til fleire tilfelle der det ikkje har gått bra.

– Me bur i små bygder. Det rammar hardt når det fyrst skjer noko, seier Thea Elida Aksvik Wienenga frå ungdomsrådet i Vinje.

Dei andre nikkar, og kjenner seg att. I tida etter alvorlege ulykker blir det prata mykje om det som har skjedd.

Engasjerte: Me fekk ein prat om trafikktryggleik ute i sola i Vrådal. Frå venstre: Abdi Lognvik Vartdal (Seljord), Sverre Nygård Ståland (Tokke), Omar Mtiri (Nissedal), Hannah Haakenstad (Fyresdal), Thea Elida Aksvik Wienenga (Vinje), Margit M. Kostveit (Vinje), Marte Straand (Kviteseid) og Andrea Halvorsen (Kviteseid).

Ulykker kan også føre til konkrete tiltak, slik som i Fyresdal der prosjektgruppa «Tak vare på kvarandre – Me har ingen å miste» har hengt ut redningsvestar for å sikre at ungdom brukar vest når dei er ute i båt.

– Det er eit bra tiltak, seier Hannah Haakenstad frå ungdomsrådet i Fyresdal.

Ho meiner ein ikkje berre må tenke på bilkøyring når ein skal jobbe førebyggjande.

– Det er viktig å også ha fokus på køyring i båt og på skuter. Det kan fort bli gløymt, meiner ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt tiltak: I Fyresdal er det redningsvestar til utlån for dei som skal på vatnet. – Det er eit godt tiltak, meiner ungdomsrådet.

Foreldre er viktige

Alle ungdommane er samde i éin ting. Foreldre er viktige i det førebyggjande arbeidet. Og dei har fleire råd til dei vaksne. Eitt av dei er at haldningsarbeidet må starte tidleg. Ein kan ikkje begynne å snakke om trafikktryggleik når ungdommen er 18. Dei meiner det startar med å bli minna på å bruke tryggleiksbelte og sykkelhjelm frå dei er små.

– For meg er det heilt unaturleg å sette meg på ein sykkel utan hjelm, eller køyre bil utan belte, seier Sverre Nygård Ståland som er leiar av ungdomsrådet i Tokke.

Han meiner gode haldningar blir etablert tidleg.

I Seljord har foreldra blitt invitert på møte der ungdom og rus har vore tema.

Det trur Abdi Lognvik Vartdal er ein god ide.

– Det er ikkje så lett for dei vaksne heller å vite kva dei skal gjere, seier han.

At foreldre snakkar saman og kan bli samde om reglar og grensesetting trur han kan vere nyttig.

Abdi Lognvik Vartdal: På samling for ungdomsråda i Vest-Telemark på Straand hotell.

Etter kvart som ungdom blir eldre får dei ofte nye vener. Å bli litt kjent med foreldre til nye vener i andre kommunar trur dei kan vere ei god investering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og at temaet trafikktryggleik blir lyfta fram blant unge på ulike arenaer meiner dei er bra.

– Me har hatt mykje om dette på skulen også, fortel Marte Straand og Andrea Halvorsen frå Kviteseid ungdomsråd.

I Kviteseid blir det mellom anna kvar vår arrangert ein «trygg i vatn» dag.

Meiner det er for mange ulykker i Vest-Telemark: Politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark Sigrid Dahl var også med på samlinga. Ho meiner det er viktig å halde trykket oppe i det førebyggjande arbeidet.

Likar å vite at nokon kan hente oss

Lange avstandar og dårleg kollektivtilbod kan vere utfordrande for ungdom i Vest-Telemark. Kanskje særleg for dei som bur litt unna sentrum.

– Det går buss frå Vrådal to gonger i døgnet. Taxi er dyrt, seier Marte Straand.

Regionale skyssordningar var eitt av tiltaka i nullvisjon-planen som er laga i Vest-Telemark. I dag er det berre Tokke og Vinje som har ordninga «heim for ein femtilapp». I Fyresdal har den blitt prøvd ut og avvikla.

Kom med innspel: Frå venstre: Hannah Haakenstad (Fyresdal), Thea Elida Aksvik Wienenga (Vinje), Margit M. Kostveit (Vinje), Marte Straand (Kviteseid) og Andrea Halvorsen (Kviteseid).

Sidan det ofte er dårleg med offentlege ordningar er ungdommane klare på at dei likar å vite at dei har nokon heime som kan hente dei. For det kan jo skje noko når dei er ute. Og i visse situasjonar meiner dei det er viktig at foreldre ikkje er for strenge.

– Det er viktig at ein har eit ope forhold slik at det ikkje blir for flaut å ringe heim, seier Marte Straand frå ungdomsrådet i Kviteseid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er også ungdommane frå Vinje einige i.

– Å ha det for strengt heime kan også vere farleg, for då tør ein ikkje å ringe heim, seier dei.

– Ja, ein må vite at ein kan ringe og ikkje bli møtt av kjeft, seier Hannah frå Fyresdal.

Trygg Trafikk: Lena Westrum jobbar i Trygg Trafikk og var med på samlinga i Vrådal. – Eg er veldig einig med ungdommen at det er utruleg viktig at foreldre melder seg på, er tilgjengelege og til stades, seier ho.
Ungdommens innspel til foreldre

Foreldre har stor påverknadskraft på ungdom, kanskje større enn dei trur.

Haldningsarbeid må starte tidleg. Minn oss om å bruke hjelm, redningsvest og bilbelte frå me er små.

Me likar å vite at det er nokon heime som kan hente oss om det skjer noko.

Det er lurt at foreldre snakkar saman om kva for reglar ein skal ha, for eksempel på foreldremøte.

Når ungdom blir eldre får me nye vener. Å bli litt kjent med foreldre til nye vener i andre kommunar kan vere lurt.

Foreldre kan vere tydelege, men ikkje så strenge at me ikkje tør å ringe heim om det skjer noko.

Bilkøyring: Ikkje eit heilt uvanleg syn på vegane i Vest-Telemark.