Signering: Prosjektleiar John Kleiv i Telemark fylkeskommune og dagleg leiar Vegar Gjerden i Nordisk fjellsikring har signert avtale om arbeidet på fv. 450. Bak prosjekteringsleiar Helene Noraberg og byggeleiar Jan Geir Olsen i Telemark fylkeskommune.

Måndag byrjar arbeidet i Eidsborgberget – vegen blir mindre stengt enn fyrst varsla

Det er Nordisk fjellsikring som skal utføre arbeidet på fylkesveg 450. Arbeidet byrjar 6. mai.

Telemark fylkeskommune opplyser at det er heilt nødvendig at vegen er stengd medan arbeida går føre seg, både på grunn av tryggleiken til trafikantane og arbeidarane som skal gjera jobben. Entreprenøren skal jobbe fire dagar i veka, og derfor blir vegen open meir enn fyrst varsla.

– Vegen vil vera heilt open kvar veke frå torsdag ettermiddag 14.30 til måndag morgon klokka 08.30, fortel prosjektleiar John Kleiv i Telemark fylkeskommune, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølge fylkeskommunen blir vegen stengt på dagtid frå måndag morgon klokka 08.30 til torsdag klokka 14.30. Den vil likevel vere open heile natta frå klokka 20.00 – 08.30.

– Når fylkesvegen blir stengd, blir omkøyringa om Åmot i Vinje. Det er langt, derfor blir arbeidet lagt opp slik at trafikken blir sleppt i mellom dagleg frå klokka 14.30 – 16.00, opplyser fylkeskommunen.

Les også
Snart stenger vegen mellom Høydalsmo og Dalen. – Me er veldig sårbare her, og jobbar hardt for å få folk hit

Mange utfordringar

Det er mange utfordringar knytt til arbeidet på fylkesvegen.

– Ein av dei er at vegen ligg i svært bratt terreng, ein annan er eit punkt der det er strokke høgspentlinjer med 300 kV over vegen, melder fylkeskommunen.

Dei fortel at arbeidet som skal gjerast i Eidsborgberget er omfattande, men det er likevel berre dei aller mest presserande strekningane som blir tekne i denne omgangen.

– Arbeidet er både rassikring og rehabilitering av murane som vegen er bygd opp av, forklarer prosjekteringsleiar Helene Noraberg.

Må sikrast: Årets arbeid i Eidsborgberget startar måndag 6. mai. Muren i Villasvingen er den største og berekna til 600 kvadratmeter.

Storleikane på murane varierer, den største er i «Villasvingen», der muren er berekna til 600 kvadratmeter. Sjølve fjellskjeringane vil bli reinska for lausmassar og sikra med fleire meter lange boltar. Det skal også monterast omfattande nett av ulik type for å sikra mot at stein og is fell ned i vegbanen.

Vegen blir heilt open i sommarferien, frå 5. juli til 5. august. Planen er at arbeidet skal vere ferdig 1. november.