Tilbake til Telemark: I 2006/2007 studerte Anna Katharina Garmeister på Rauland. Etterpå har ho budd fleire stadar i Noreg, men har heile tida ønskt seg tilbake til Telemark. Så fekk ho tips om ein ledig jobb på Dalen og greip sjansen.

Ein metallfestival i heimlandet førte Anna Katharina til Noreg.– Eg drøymer om eit lite hus og hage oppi lia her

Ein metallfestival i heimlandet Tyskland førte Anna Katharina Garmeister til Noreg. Eit tips frå ein kollega førte ho til studiar på Rauland. Nokre år seinare førte eit jobbtips frå ein venn ho til Dalen.

– Eg har nokre venner som bur i Vråliosen, og dei tipsa meg om at det var ledig jobb hos Gullsmed Vinjerui, fortel gullsmed Anna Katharina Garmeister.

Dette var i fjor sommar og mot slutten av ferien tok ho sjansen og sende inn ein søknad. Jobben hos familieverksemda Gullsmed Vinjerui, som har vore på Dalen sidan 1911, vart hennar. Ho starta i desember og bur førebels rett ved jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg drøymer om eit eiget hus med ein liten hage, fortel Anna Katharina.

Nå har våren kome for fullt på Dalen. Det blømer og gror. Sol frå blå himmel og vakre fargar overalt.

– Gjerne litt oppi lia her, smiler Anna Katharina og nikkar mot høgdene som omkransar Dalen. Eit lite småbruk, kanskje.

– Det er kjekt å ha litt plass rundt seg. Eg vil gjerne ha hund igjen, nokre høner, kanskje ei geit, og ein hage der eg kan dyrke mykje av min eigen mat.

Ho flytta til Noreg som 24-åring og har sidan flytta mykje rundt, men kanskje ho nå har funne staden der ho vil slå seg til ro. Anna Katharina har nemleg i mange år ønskt seg tilbake til Telemark.

Mykje erfaring: Anna Katharina har fagbrev som gravør frå Tyskland, og har tatt utdanning innafor folkekunst/tradisjonskunst på Rauland der ho lærte om metall og filigransarbeid.

Frå avisbod til gullsmed

– Eg blei kjent med ein nordmann på ein metallfestival i Tyskland, og me hadde eit avstandsforhold ei stund. Så flytta eg til Oslo. Dette var i 2004 og eg var 24 år.

Ho måtte lære norsk og fekk snart sin fyrste jobb i det nye landet.

– Som avisbod for avisa Aftenposten Aften som framleis eksisterte då. Men så kom eg over ein smykkebutikk ved Rådhuset, eg hadde høyrt at mange tyskarar hadde fått jobb der.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anna Katharina tok turen innom, og det viste seg at medan butikken låg i Oslo var verkstaden eit stykke unna. Omtrent 160 mil – i Kautokeino.

– Eg hadde aldri høyrt om Kautokeino før, ler ho.

Men Anna Katharina var fri og frank, og klar for å flytte. Nokre månadar etter var ho på plass i verkstaden.

– Eg kom dit i april. Det var femten minusgrader, påskefestival og ei stor utstilling. Eg fekk den samiske kulturen midt i fleisen. Det er så mykje spennande med den samiske kulturen og historia, og eg høyrer framleis på radio sapmi innimellom. Språket forstår eg ikkje, men eg plukkar jo opp nokre ord her og der som eg kjenner. Og så har dei så mykje kul musikk!

På verkstaden i Kautokeino var det eit internasjonalt arbeidsmiljø – folk frå Sveits, Tyskland og USA arbeidde saman. Det var her Anna Katharina fekk høyre om studietilboda i Rauland. Frå før hadde ho fagbrev som gravør frå Tyskland.

– På Rauland studerte eg folkekunst/tradisjonskunst og lærte om metall og filigransarbeid.

Deretter gjekk turen til Kristiansand og vidare til Nesodden. Heile tida har det vore arbeidet som gullsmed som har ført henne til nye stadar. Og heile tida har ho ønskt seg tilbake til Telemark.

– Eg har alltid tenkt at eg vil tilbake til landet. Og Telemark er den aller finaste staden i Noreg, synest eg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake på bygda: Anna Katharina har budd i Noreg i om lag tjue år, og sjølv om det er koseleg å besøke Tyskland føler ho seg mest heime i Noreg. Ho vaks opp i ei lita bygd med rundt 800 innbyggarar.

Song, strikking – og sitt eiget selskap

– Korleis har det vore å flytte til Dalen? Har det vore greitt å bli kjent med folk her?

– Då eg flytta til Kautokeino var det litt slik at alle visste at eg var den nye tyskaren. Det er litt slik her også. Mange veit at eg er den nye gullsmeden, men eg kjenner ikkje så mange endå.

Anna Katharina fortel at ho har venner som bur i Vråliosen, og derfor hadde litt nettverk alt før ho flytta.

– Og så er eg veldig einstøing! Haha, ler ho.

– Eg er det – eg trivst veldig godt i eiget selskap.

– Men eg har gått på strikkekafé ofte på torsdagane. Der er det stort sett dei same, vaksne damene som går og eg lærer mykje der. Dei fortel om ting som skjer – det er veldig koseleg.

I Oslo song Anna Katharina i kyrkjekor, og då Tokke songlag markerte 40-årsjubileet sitt for eit par veker sidan, gjekk ho på konserten.

– Eg gjekk bort til dirigenten etterpå og spurte om eg kunne vere med, og det kunne eg. Lenge trudde eg at eg ikkje kunne synge. Men eg elskar å synge! Høgt når eg er aleine, fortel ho og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg har litt sceneskrekk så eg ville ikkje sått på scena aleine.

Førre veke var fyrste øving for Anna Katharina, og om ein times tid er det ny øving. Men me har framleis litt tid. Ho fortel at ho også har blitt kjent med fleire som har flykta frå Ukraina.

– Dei er så hyggelege og hjartevarme menneske. Eg forstår at det må vere veldig vanskeleg for dei å bu i Noreg nå, lære seg eit nytt språk og finne seg til rette i det norske samfunnet.

Anna Katharina vaks opp i den vesle bygda Wemlighausen med rundt 800 innbyggarar, på nokre måtar ikkje så heilt ulikt Dalen. Men far til Anna Katharina var født i byen som fram til 1946 heitte Königsberg.

I dag heiter byen Kaliningrad og er ein russisk eksklave rett ved Austersjøen. Fram til 1945 var byen ein del av Tyskland, men etter andre verdskrig vart byen ein del av Sovjetunionen. Ifølge Store norske leksikon vart byen nesten totalt øydelagt mot slutten av andre verdskrig, fyrst på grunn av britiske og amerikanske angrep og til slutt på grunn av den sovjetiske storminga.

Fram til då hadde befolkninga i all hovudsak vore etniske tyskarar, men innan 1948 var nesten alle lokale tyskarar fordrive til Tyskland. Dei vart så erstatta av innflyttarar frå resten av Sovjetunionen.

– Far min måtte flykte som 4-åring saman med mor si og sin to år yngre bror. Det gjer vel også at eg kjenner det sjølv inni meg, i møte med ukrainarane. Berre tanken på å måtte reise frå heimane sine, husdyra sine – utan å vite når eller om dei kan reise tilbake, rører noko djupt i meg. Dette er traumatiske opplevingar som kan gå over fleire generasjonar.

Eigentleg ingen smykkeperson

Anna Katharina synest vinteren på Dalen var lang, men god. Ho hadde sakna ein skikkeleg vinter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var deilig å vere her i vinter – det var ein ordentleg vinter. Ikkje berre slaps som i Oslo. Og snøen er kvit, ler ho.

Det vart ein del turar opp på Rui. For å få litt sol. Ho har ikkje bil endå, men sparar til både bil og hus. Ny hund står også på ønskelista, men ho vil ha ein omplasseringshund.

– Det skal vere blandingshund fordi dei er friskare. Eg vil ha ei tispe, og ho skal ha hengeøyrer og stri pels.

Sjølv om Anna Katharina kvar dag går på jobb til verkstaden for å lage smykke brukar ho ikkje så mykje smykke sjølv.

– Eg tok på meg dette i dag, fortel ho og tek på hjartet ho har rundt halsen. Sjølvlaga så klart.

– Eg er ingen smykkeperson, men eg likar å pynte meg når høve byr seg. Og eg brukar smykke på jobb, men det fyrste eg gjer når eg kjem heim er å ta av meg smykka. Smykka og bh!