Tysdag opnar vegen. – Det er relativt hard is fleire stadar over fjellet

Tysdag 21. mai klokka tolv opnar fylkesveg 450 Brokke-Suleskard – den såkalla Suleskardsvegen, for sesongen.

– I vinter har det vore litt mindre snø enn gjennomsnittet. Me er likevel ikkje ferdige med å frese vegen endå. Det er relativt hard is fleire stadar over fjellet. Men me reknar med at vegen opnar tysdag 21. mai som planlagt, dersom ingenting uføresett skjer, seier byggeleiar Runar Gautestad i Agder fylkeskommune, i ei pressemelding.

Han har ansvaret for vegvedlikehald i Setesdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

På grunn av vernereglane for villreinstammen skal vegen vere stengt kvar vinter frå og med 1. november til og med 20. mai. Ifølge fylkeskommunen har vegen mellom Setesdal og Sirdal blitt ei populær rute mellom aust og vest, og mange ser fram til opninga i mai kvart år.