HELD FRAM: Eivind Gaastjønn har bestemt seg for å halde fram skiskyttarsatsinga. Han blir verande på Lillehammer og blir med opp i seniorklassen.

Nå har Eivind bestemt seg for framtida. – Ser at det ikkje er langt opp når alt klaffar

Eivind Gaastjønn har dei siste månadene vore i tenkeboksen når det gjeld om han skal halde fram skiskyttarsatsinga. 22-åringen frå Dalen har etter å ha gått fleire rundar med seg sjølv, bestemt seg for å bli med opp i seniorklassen.

– Eg må innrømme at det ikkje har vore noko lett val. Men eg har hatt ein svært positiv form- og resultatutvikling etter jul, og spesielt mot slutten av sesongen. Det har eigentleg gått betre og betre. Eg har nærma meg dei beste på mi aldersgruppe, og eg ser at det ikkje er langt opp når alt klaffar både på standplass og i sporet. Samstundes ser eg at eg må ta ganske store steg for å hevde meg i seniorsamanheng, seier Eivind til Vest-Telemark blad.

Det er grunnen til at det lenge såg ut til at dette kom til å bli den siste vinteren som hardtsatsande skiskyttar. 22-åringen var i vinter klar på at det er krevjande å satse så hardt som han har gjort dei siste åra. Mykje må ofrast, og det er alt anna enn lett å kombinere satsing på dette nivået med studiar. Det blei freistande å halde fram for skiskyttaren som representerer Fyresdal skiskyttarlag, då han presterte i det eine nasjonale rennet etter det andre. Eivind føler ikkje at han har tatt ut potensialet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Føler han har meir inne

– Eg har vore av den oppfatninga at dersom eg skal bli med opp i seniorklassen, så bør eg ha eit langsiktig perspektiv på satsinga. Det er som kjent vanskeleg å bli ein god seniorutøvar i løpet av eitt år. Men eg ser i første omgang ikkje meir enn eitt år fram i tid. Planen no er at eg skal ta fatt på byggingeniørstudiar i Trondheim hausten 2025. Det neste året skal eg ta nokre realfag som eg må ha for å kome inn på det studiet.

– Betyr det at du kjem til å bli verande på Lillehammer også til hausten?

– Planen er at eg blir verande fram til neste sommar. Det ser også ut som eg kjem til å halde fram på det private teamet som eg har vore ein del av. Eg er svært nøgd med den oppfølginga eg har fått der. Eg ser ingen grunn til å «skrote» eit opplegg som har fungert så bra som det har gjort. Det gode miljøet er ein annan viktig grunn til at eg ønskjer å halde fram på teamet, seier han som opplevde at koronaen øydela to juniorsesongar.

Har lyst til å ta større sjansar

– Kjem du til å gjere nokre endringar i opplegget mot neste sesong?

– Det er litt for tidleg å seie noko om det, før eg har hatt ein grundig evaluering og prat med trenaren. Men eg har lyst til å ta litt meir sjansar enn det eg har gjort så langt i karrieren. For eksempel ved at eg aukar treningsdosane noko meir enn det dei fleste andre gjer. Det i håp om at det skal gi meg eit skikkeleg løft. Så veit eg at det å gjere det, kan føre til at eg går på ein treningssmell, men eg kan vere villig til å ta den risikoen, seier Eivind til VTB.

Han hadde stor framgang i langrennssporet sist vinter. Den fysiske kapasiteten har aldri vore så høg som no. Gaastjønn føler ikkje at han gjekk så fort som han ønska i dei renna, der han hadde høgast treffprosent. Det er det som er sjarmen og utfordringa med skiskytinga. Nemleg at ein skal få det til å fungere på begge områda samstundes. Den målretta skiskyttaren er villig til å jobbe steinhardt for at han skal vere i stand til å oppnå gode prestasjonar og resultat i seniorklassen neste vinter.

– Eg ser fram til å kome i gong med sesongoppkøyringa for fullt igjen. Etter ein månad med mindre trening og fokus på andre ting, er det no på tide å kome i gang med ein og to daglege treningsøkter igjen, seier den lokale toppidrettsutøvaren som er svært motivert for å gjere treningsjobben som må ligge i botn for å ha moglegheit til å oppnå gode resultat dei neste åra.