Historiske: Laget som møtte til den historiske kampen var frå høgre bak: Dovydas Tarpikas, Teo Tennant, Lars Asplin Kleven, Åne Vinjerui-Bergland og Oliver Øien. Framme frå venstre: Iver Øyre Aaland, Vebjørn Groven og Endre Breiseth. Foto Luke Tennant. Halvor Nordheim hadde ikkje høve til å møte. Trenar var Espen Sudbø.

Spela sin fyrste basketkamp

Vinje Goats reiste til Tønsberg for basketdebuten.

Sundag 24. september hadde basketlaget Vinje Goats sin fyrste kamp. Dei møtte TNT Towers i Eik idrettshall i Tønsberg.

– Det er eit rekrutteringslag til elitelaget, og dei trenar fem gonger i veka. Dei var kjempegode. Geitebukkane beit frå seg mot dette laget, oppsummerer lagleiar Jon Rikard Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teo Tennant var kaptein i Vinje Goats sin fyrste kamp, og leia troppen gjennom kampen. Det fyrste målet nokon sinne blei ein 2-poengar frå Dovydas Trapikas. Resultatet blei siger til heimelaget med poengresultat 71-25.