Tor Olav Kyrkjebø avgjorde lokaloppgjeret mot Kviteseid/Høydalsmo. (Arkiv
Tor Olav Kyrkjebø avgjorde lokaloppgjeret mot Kviteseid/Høydalsmo. (Arkiv

Åtte poeng ned til neste lag

Etter tre nye poeng i lokaloppgjeret mot Kviteseid/Høydalsmo er det nå åtte poeng ned til Snøgg på andreplass. Men i Åmdal/Tokke tenker dei ikkje på opprykk til 6. divisjon.

Det blei tett og jamt slik lokaloppgjer skal vera då Åmdal/Tokke tok turen til kunstgrasbanen i Kviteseid torsdag, men det var det suverene topplaget i 7. divisjon, avdeling A som stakk av med alle poenga. Dermed tek Åmdal/Tokke sommarferie etter ein tilnærma perfekt vårsesong. Berre Ulefoss 2 har tatt poeng mot vesttelane som har 31 poeng på dei 11 fyrste kampane. Sjølv om det er åtte poeng ned til Snøgg, vil ikkje Svein Erik Hagen i trenarteamet snakke om opprykk.

– Me har hatt ein strålande vårsesong – over all forventning, men det er alt for tidleg å snakke om opprykk, meiner Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men de les vel tabellen?

– Jada. Me registrerer at me ligg godt an, men me får ta ein kamp av gongen utover hausten, seier ein nøktern Hagen, som varslar at dei vil bruke sommaren godt for å vera rusta når hausten kjem.

Kjempa seg tilbake

Gjestene var gode dei fyrste 20 minuttane av 1. omgang og Christian Homme heada ein corner frå Tarjei Solli i mål og sendte Åmdal/Tokke i føringa etter eit kvarter.

Deretter tok heimelaget over.

– Kviteseid/Høydalsmo er eit betre lag enn det tabellen viser. Dei kjempar godt og me slepper dei inn i kampen, forklarar Hagen.

Jan Marcus Hjertås utlikna etter ein halvtime.

Etter kvilen vakna topplaget att. Tor Olav Kyrkjebø ekspederte eit innlegg frå Håkon Rykkelid i nettmaskane etter tre minuttar. Denne skåringa skulle vise seg å bli vinnarmålet.

– Også i andre omgang kjempa Kviteseid seg inn att i kampen og det kunne fort blitt 2-2 mot slutten, innrømmer Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

20 minuttar før slutt blei både Tore Tveit Diskerud og Knut Åge Dalen sendt i dusjen av dommaren.

– Det var eit godt gamaldags lokaloppgjer med nerve og innsats, oppsummerer Hagen.

Medan Åmdal/Tokke tek sommarferie på toppen av tabellen, kjempar Kviteseid/Høydalsmo i botn. Laget er nummer ti av dei tolv laga i avdelinga etter åtte poeng på sine ti fyrste kampar.

Tett i toppen

Etter tre strake sigrar kom Seljord ned på jorda då dei tapa 2-5 i måndagens kamp mot Åfoss. Seljord er på 7. plass i 6. divisjon med 12 poeng på sesongens 10 fyrste kampar. Onsdag tek laget sommarferie etter kampen mot Hei 2 heime på Eventyrøy.

I 5. divisjon har Vinje att to kampar før ferien. I dag møter dei Tollnes 2 borte før dei neste laurdag tek imot Drangedal heime i Åmot. Det er tett i toppen av tabellen. Sannidal toppar med 22 poeng etter 10 kampar, men Stathelle og Vinje som fylgjer på plassane bak med 19 poeng, kan kome likt om dei vinn kampen dei båe har til gode. Drangedal og Langesund har også 19 poeng (har spela 10 kampar).