Ut på tur: Naturen i Rauland er viktig for hytteveteran Petter Eiken. Den fyrste påska han hadde på hytta var han ni år. Sidan har han vore der kvar påskehøgtid sidan.

For fyrste gong på 55 år står hytta tom i påska

For Petter Eiken blir det ei annleis påske. For fyrste gong sidan 1965 skal han ikkje vere på hytta i Rauland saman med familien.

– Det er klart det blir eit sakn, men me klarer det. Det som treff verda nå er større enn tapet av ei påske.

– Eg mistar ikkje kjærleiken til Rauland av å miste ei påske, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Storfamilien

Kjærleiken til Rauland, til naturen, fjella, bygdefolket og kulturen oppstod alt då han var liten gut. Ni år gamal var han då familien hadde si fyrste påskefeiring i Rauland. Sidan har det blitt 55 av dei, utan avbrot.

Foreldra til Eiken kom frå Trøndelag og Sunnmøre, men dei budde i Porsgrunn og det var her Petter vart født og voks opp. På sekstitalet kom foreldra over ei lagleg tomt på Rauland.

– Foreldra mine var veldig glade i fjellet, men eg trur det var litt tilfeldig at dei valte Rauland. Dei bygde ei ganske enkel hytte, det var 1,5 kilometer unna vegen og standarden var enkel, fortel Eiken.

Hytta vart mykje besøkt i oppveksten, og etter kvart overtok Eiken familiehytta. Nyleg sette han opp ei moderne hytte ved sidan av den gamle, i tillegg til at den eine dottera også har bygd hytte på tomta. Det nære forholdet til fjellet og hyttelivet på Rauland har nemleg gått i arv.

Med familien: Heile storfamilien med barn og barnebarn feirar vanlegvis påska på Rauland. Petter Eiken saman med sonen Petter Cornelius. Turlivet er viktig for familien.

Eiken har fire barn og sju barnebarn som alle elskar å vere på Rauland. Kvar påske samlar heile storfamilien seg på fjellet.

– Kona har vore med sidan '79. Ho kjem frå Trøndelag, men har blitt ein skikkeleg Raulandsambassadør, fortel han og ler.

Fleire gonger har hytteveteranen tatt toget til Finse og gått på ski til hytta på Rauland. Det gjorde også kona fyrste gong ho besøkte hytta.

– Det var eldprøva. Eg måtte jo sjå om ho dugde, ler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hadde ønskt eit samarbeid

12. mars kom beskjeden. Påska er avlyst i Vinje. Kommuneoverlegen påla turistnæringa å stenge eteplassar, hotell, overnattingsstader og skianlegg. Kommunen bad også hyttefolket halde seg heime. Grunngjevinga var nasjonale føringar og smittevernlova. Kommunen var redd for smittespreiing, og belastinga for helsevesenet. Det er 5700 hytter i Vinje, og i deler av året kan det vere 20 000–25 000 personar i kommunen.

Hytteforbodet har skapt mykje debatt, både lokalt og nasjonalt.

– Eg skjønar at ein handlar veldig kontant i ein situasjon som dette, men eg meiner at hytteforbodet er å gå for langt, seier Eiken.

Året rundt: Eiken og familien brukar hytta heile året. Fjella og den fine naturen på Rauland gjer at dei likar seg så godt der.

Han bur i Lommedalen i Bærum, nær marka og der er parkeringsplassen ved utfartsstadane mykje fullare enn vanleg, fortel han. Det er mykje tettare med folk der enn på fjellet.

– Eg trur ikkje smittefaren hadde auka av å sleppe nokon av oss til fjells. Poenget mitt er at i staden for å stenge heilt skulle eg ønske me kunne funne ein måte å samarbeide på for å finne ei god løysing. Me kunne for eksempel delt påska i to eller tre, slik at ikkje alle var der samstundes. Eg er sikker på at me kunne vore i Rauland på ein ansvarleg måte, og innført reglar som til dømes kor mange som kan inn på butikken samstundes.

Som hytteeigar kjenner han seg litt mistenkeleggjort, og meiner debatten, og særleg den på sosiale medium, har blitt polarisert.

– Ein blir fort stempla som illojal om ein seier at ein saknar hytta.

Men Eiken har likevel respekt for avgjersla.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser at dei blir engstelege for at belastinga av helsetenestene blir for stor i ein såpass liten kommune. Eg respekterer avgjersla til regjeringa og forstår at det blir gjort i ei krisetid.

Kvar helg – året rundt

Eiken er ikkje uroa for at uvedkommande skal ta seg inn i hytta. Han veit at grunneigaren passar på.

– Grunneigar Helge Åsen er fantastisk. Me har eit godt forhold til han, han er veldig påpasseleg og set traktoren sin i oppkøyrsla så ingen kjem inn.

Sjølv om påska er eitt av årets høgdepunkt på fjellet, blir hytta til familien Eiken besøkt heile året. Og det er ikkje berre fjella og den vakre naturen som gjer at dei er så glad i plassen. Det er også bygdefolket, kulturen, den utruleg gode servicen dei blitt møtt med alle stadar dei besøker i bygda; på skisenteret, på butikkane. Og så er det ein ting til:

– Det er ikkje så høg sigarføring på Rauland. Det set eg pris på.

Moderne hytter med fiber gjer det mogleg å vere mykje på hytta, også om ein skal gjere andre ting enn å gå i fjellet.

– Eg har gleda av å vere pensjonist så kona og eg er der veldig mykje, både helger og kvardagar. Eg trur det er folk på hytta kvar helg året rundt.

Turane er viktig. Fellesturar med heile familien på toppar som Vindeggen, Bossnuten eller på stiar lengre nede i om det er litt mykje vind. Dei oppdagar stadig nye løyper, nye stiar og ruter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjerde generasjon: Foreldra til Petter Eiken bygde hytte på Rauland på 60-talet. Nå har også barnebarna til Eiken blitt glade i fjell og hytteliv.

Påske blir det sjølvsagt heime i Lommedalen også. Med lammelår, påskeegg, som kona måtte ut å kjøpe fordi alt påskeutstyret ligg på hytta, og turar i marka. Men kva gjer Eiken når hytteforbodet blir oppheva?

Svaret kjem raskt saman med ein god latter.

– Nokre timar etter så er eg der.