Ordførar: Vinjeordførar Jon Rikard Kleven.

Turistnæringa blir pålagd stenging til over påske – og kommunen ber hytteeigarane halde seg heime

Kommuneoverlegen i Vinje pålegg turistnæringa å stenge eteplassar, hotell, overnattingsstader og skianlegg frå i morgon fredag og over påske.

– Dette er inga lett avgjerd då vi ser at dette kan ha store konsekvensar for næringa og dessutan er det både vondt og vanskeleg å hindra folk til å koma til kommunen vår. Grunngivinga for avgjerda er i tråd med nasjonale føringar og smittevernlova. Vinje er ein liten kommune med 3676 innbyggarar, men har over 5700 hytter og det kan vera så mange som 20.000–25.000 personar som oppheld seg i kommunen store delar av året. Tiltaket er òg sett i gang for å hindra vidare smittespreiing lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Når vi no er den situasjonen vi er, er det ei riktig, men tøff avgjerd, melder kommunen sjølv på heimesida si.

Kommunen bed også at hytteinnbyggjarane held seg heime der dei bur. Alle hytteeigarane har i dag fått melding med denne oppmodinga frå kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lege Vinje: Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje

Restriktiv line

– Påska er avlyst i Vinje. Det er sjølvsagt ei svært alvorleg avgjerd som er tatt av kommuneoverlegen, og som både eg som ordførar og rådmannen støttar fullt ut, seier ordførar Jon Rikard Kleven til VTB.

– Det er den tida av året turistnæringa har størstedelen av omsetninga si, så dette er naturleg nok svært dramatisk. Men det handlar om liv og helse, held han fram, og viser mellom anna til at ein er avhengige av sjukepleiarane på dialyseavdelinga og av personellet på legevakta.

Han veit at kommunen er sårbar og at helsevesenet er dimensjonert for innbyggjartalet i kommunen.

– Me må prøve å isolere så godt me kan. Det er ikkje nokon smittetilfelle i Vinje, men om det kjem 20 000 turistar risikerer me at det ryk, og legg til at også hyttefolket har krav på helsetenester frå kommunen.

På Facebook skreiv ordføraren tidlegare i dag:

«Vinje kommune informerer om at på grunn av smittesituasjonen som me har i Noreg i dag, vel Vinje kommune å oppmode alle hytteeigarar i kommunen om å nøye vurdere om det er rett å dra hit no».

Han skriv at kommunen legg seg på ei restriktiv line for å avgrense smittefare og at dette påverkar hytteeigarane.

– Vinje kommune har små sentra, butikkar og andre samlingsplassar. Når mange menneske er samla på ein stad aukar smittefaren, melder ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Dei mest dramatiske grepa i fredstid skal bremse koronaepidemien