Kommunar vil gjerne halda på innbyggarane sine, men korleis skal dei greia det? Mange unge i distrikta seier at det å ha moglegheita til å gje sine eigne born ein like god barndom som dei sjølv har hatt, er viktig for at dei skal bli buande. Men forsking viser at dei ikkje alltid får ta like stor del i utforminga av framtidsbygda. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Flest yrkesfag-elevar i distrikta – underrepresenterte i lokale avgjerder

På mange måtar kan Ungdata-undersøkingar fortelja oss om korleis det står til med ungdommen i distrikta. Men det er uklart kor mykje distriktsungdom får påverka sitt eige lokalsamfunn.

– Alle kommunar er pålagde å høyra på ungdommen i viktige avgjerder, seier direktør Marit Mellingen i Distriktssenteret til Nynorsk pressekontor.

I distriktskommunar er det mange unge som vel yrkesfagleg utdanning når dei skal byrja på vidaregåande. Samtidig viser ein rapport at den elevgruppa som er størst i distrikta, ikkje nødvendigvis er best representert i lokale avgjerder. Det gjeld i alle fall når ein brukar skulen som rekrutteringsarena for ungdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yrkesfag underrepresentert

– Viss du ser på kven som deltek i ungdomsråd og medverknadsråd, er ikkje dei som går yrkesfag like godt representerte her, seier Mellingen.

– Det burde vore overvekt av ungdom som går yrkesfag i distriktsområda i desse organa, mens me ser det motsette. Då risikerer kommunen å bomma, og dei mistar innspela frå dei ungdommane det er flest av i området.

Rapporten går ikkje i djupna på nøyaktig kva som er årsaka til det, eller nøyaktig korleis kommunane skal gå fram for å løysa dette. Forskarane ser det i samanheng med at fleire elevar på yrkesfag sluttar før ferdig utdanning enn elevar på studieførebuande gjer. For yrkesfagelevar var gjennomføringsgrada i 2015 på 71 prosent, mens ho for elevar som gjekk studieførebuande utdanning låg på 90 prosent.

Distriktsforskarane meiner at distriktskommunane må vera medvitne på kven som deltek i prosessar som påverkar framtida til lokalsamfunnet. Dei peikar på at det ofte endar i at ressurssterk ungdom blir inviterte til å delta, gjennom mellom anna ungdomsråd på skulen.

Men kva veit me om kva distriktsungdom vil ha?

Vil gjenskapa eigen oppvekst

Eit poeng som blir framheva i rapporten er at ungdommar oftare blir meir involverte i ungdomspolitiske saker enn dei som gjeld distriktspolitikk. For å hanskast med det, fastslår rapporten at det derfor er viktig for distriktskommunar å setta regionen i positivt lys.

– Dersom det berre er folk på over 50 år som legg planar, er det ikkje sikkert at dei skapar eit samfunn som dei på 16 vil flytta tilbake til, seier Mellingen.

– Då me gjennomførte spørjeundersøkinga vår, var det fleire ting som ungdommane peikte på som viktige for seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange svarte at det å ha ein jobb som passa til utdanninga var viktig. Ein annan faktor som kom høgt opp på lista var moglegheita til å eiga sin eigen bustad.

– Dei ønskte også å gje sine eigne born ein like god oppvekst som dei sjølve hadde hatt. Ein trygg barndom, aktivitetar og skule med god kvalitet var verdiar dei la vekt på. Og så peikte dei på at dei ville ha lett tilgang på natur, og dei ønskte å vera godt kjende i lokalmiljøet sitt.

Sentraliseringstrenden rår enno

– Nasjonalt sett er trenden som han har vore i mange tiår. Ein stor andel ungdommar flyttar ut for å ta utdanning, og mange blir verande der. Altså har me ein flyttestraum og ein sentraliseringstrend.

Mellingen forklarar at storleiken på kulla som vert fødde er mykje mindre i dag enn tidlegare. Då var det nok folk som blei igjen i bygda til at ein greidde halda oppe befolkningstalet. Trenden rammar både store og små kommunar.

– Tematikken opptek og bekymrar mange, særleg i distrikta, seier Mellingen.

Rapporten finn også at skilnaden mellom ungdommen i byen og på bygda ikkje er særleg stor.

– Det finst mykje ungdomsforsking, men nyansen på kor dei bur kjem fram for sjeldan. Undersøkingane våre viser fleire likskapar enn skilnader mellom ungdom i bygd og by, seier direktør Marit Mellingen i Distriktssenteret.

(©NPK)

Artikkelen held fram under annonsen.

Direktør Margit Mellingen ved Distriktssenteret seier at det framleis er mange kommunar som opplever at innbyggarane deira flyttar til meir sentrale strok. I ein rapport svarar bygdeungdom at noko av det som skal til for at dei blir verande er natur, kjennskap til lokalmiljøet og høve til å eiga eigen bustad. Foto: Kolonihagen / Distriktssenteret
Skulen er ein arena der unge kan få vera med og påverka gjennom mellom anna elevrådet. Rapporten frå Distriktssenteret viser at elevar på yrkesfag og lærlingar ikkje får høve til å medverka i like stor grad som elevar som går studieførebuande. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Distriktsungdom seier i undersøkinga at dei ønsker å ha nærleik til naturen. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Direktør Marit Mellingen ved Distriktssenteret seier at kommunar må legga til rette for at ungdom kan vera med og påverka lokale avgjerder. Når ein ser på denne statistikken meir på djupna, ser ein at elevar som går yrkesfag ikkje er like godt representerte som dei som går studieførebuande. Hadde forholdet vore representativt, hadde det vore overvekt av yrkesfagelevar. Foto: NTB / NPK
Nærleik til natur og eit godt sosialt miljø er viktig for distriktsungdom, og det er noko av det dei treng for å bli buande i heimdistriktet sitt. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Rapporten frå Distriktssenteret viser at elevar som har valt yrkesfagleg studieretning ikkje er like godt representerte på lokale medverknadsarenaer som elevar som går studieførebuande er. Foto: Frank May / NTB / NPK