Vil støtte Huka med 50 000 årleg

I morgon tek oppvekst- og velferdsutvalet (OVU) i Vinje stilling til å støtte Telemark hoppanlegg, Huka i Høydalsmo, med 50 000 kroner i året i fem år framover. Kommunen har i mange år støtta anlegget, men då med 10 og 15 000 kroner i året. Hoppanlegget har alt fått auka tilskotet for i år med 35 000 kroner, slik at den samla summen for 2015 blir 50 000 kroner, dekt av kulturbudsjettet.

I utviklingsplanen til Telemark Hoppanlegg blir det understreka at anlegget skal vera eit anlegg der alle kan delta, men også der ein kan få fram og utvikle talent som

Artikkelen held fram under annonsen.

ynskjer å satse innafor skisport, med spesiell vekt på hopp og kombinert.

Vinje idrettsråd har uttalt seg svært positivt når det gjeld å auke støtta til hoppanlegget som slit med finansieringa av den daglege drifta.

­– Det er bra at ein har slike anlegg der det er kompetanse og miljø for det. Denne bakken er den siste av sitt slag i Telemark, og det er difor også viktig å stø opp om den. Eit anna aspekt er at det er her oppe det er mest forutsigbart med tanke på snøtilhøva. Såleis bør dette vera ei fylkeskommunal satsing på lik line som ei interkommunal satsing, skriv Vinje idrettsråd.

Saka skal opp i kommunestyret etter at OVU har sagt sitt.

Telemark hoppanlegg SA har bede alle kommunane i Vest-Telemark og fylkeskommunen om ekstra støtte for å sikre den daglege drifta.