Gode innbyggarar i Vinje

Vinje kommune skal busette fleire flyktningar. Vi buset ikkje flyktningar fordi det er lett, men fordi situasjonen i verden krev det. Når vi skal busette flyktningar er det trong for bustader. Det har fleire kommunar gjeve melding om til staten tidlegare. Staten har svart med ei ordning der husbanken kan gje intill 40% tilskott til firma som bygg utleigebustader til dette føremålet. Ved slik privat bygging belastar ein ikkje det kommunale budsjettet. Kommunen kan betale husleige gjennom integreringstilskotet.

Bustader blir bygd i bustadfelt. Det er den heilt naturlege staden å bygge bustader. Det er rasjonelt å bygge i bustadfelt der infrastrukturen ligg klår og der det gjennom planprosess er lagt opp til fleire bustader. Det er òg det som gjev best grunnlag for integrering – å bu i eit bustadfelt. Dei som har vald å bygge hus i bustadfelt med fleire ledige tomter, må vere førebudd på at det kjem fleire bustadhus i bustadfeltet. Det gjeld ikkje ein regel om at dei som bygg fyrst i eit bustadfelt kan avgjere kven som skal få bygge på andre tomter seinare. Når Vinje kommune skal busette 20 flyktningar i 2016 og ca. 25 flyktningar i 2017 vil dei i hovudssak bli busett i bustadfelt i Edland/Haukeli, på Rauland og i det planlagde bustadfeltet i Øyfjell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plan- og bygningslova saman med reguleringsplan gjev reglar for kva ein kan bygge. Plan- og bygningsloa er ei demokratisk lov der grannar har høve til å kome med synspunkt og klagar i samband med byggeprosjekt. Alle byggeprosessar fylgjer den same prosessen i plan- og bygningslova uansett kven som skal bu i bustaden. Det er ikkje eigne reglar i plan- og bygningslova for bustader som er tenkt brukt til å busette ein flyktning.

Integrering av flyktningane er i hovudsak eit kommunalt ansvar, men eg vonar så mange som mogleg vil vere med på det dugnadsarbeidet integrering er. Flyktningane som kjem skal bli ein del av samfunnet vårt, og vil vere viktige ressursar framover.

Jon Rikard Kleven,

ordførar i Vinje