Sigrid Dahl er politiinspektør i Midt- og Vest-Telemark.

UTV og mopedbilar gjer politiet bekymra

Stadig fleire ungdommar har UTV og mopedbilar. Køyretøya blir ikkje berre brukt til transport, men blir også møtestadar for ungdommane.

Publisert

Sigrid Dahl er politiinspektør i Midt- og Vest-Telemark. Nå åtvarar ho om bruken av UTV (Utility Terrain Vehicle) og mopedbilar blant ungdom. Politiet ser at det stadig er fleire ungdom som skaffar seg ulike køyretøy når dei har fylt 16 år, og køyretøya blir brukt over store avstandar på vegar med høg fart, tunge køyretøy og lite sikringstiltak. 

– Men dei er ikkje konstruerte for å tåle samanstøyt med andre køyretøy i nemneverdig grad, seier Dahl i ei pressemelding. 

Både UTV og mopedbilar har fartsavgrensingar som eit viktig trafikktryggleikstiltak, men politiet påpeikar at det er relativt lett å endre køyretøyet slik at dei går fortare enn dei skal.

Og det er ikkje berre farta som kan skape farlege situasjonar med køyretøya 16-åringar kan køyre. 

Desse førarkorta kan 16-åringar ta:

Traktor, motorredsskap (til dømes gaffeltruck eller hjullastar), ATV som er registrert som traktor, moped med tre eller fire hjul og snøskuter. 

Lett motorsykkel med eller utan sidevogn, motorsykkel med tre hjul (effekt maks 15 kW) og moped. 

Kjelde: Statens vegvesen


– Køyretøya blir ikkje berre brukte som framkomstmiddel frå A til B, men blir møteplassar og samlingsstader for ungdom. Ofte er dette stader der ungdom er heilt utan vaksentilsyn. Dette fører med seg utfordringar knytte til trafikktryggleik, rusproblematikk og ordensforstyrringar som tidlegare i større grad var knytte til eldre ungdom, informerer Dahl. 

Ifølge politiinspektøren såg dei dette under Dyrsku’n tidlegare i haust. Dyrsku’n samlar mange ungdom og mange som køyrer UTV og mopedbil. I år såg politiet at det var fleire ungdommar enn tidlegare. Det var ungdom under 18 år frå heile Øvre Telemark i Seljord sentrum både kveld og natt som flytta seg rundt både til fots og i ulike køyretøy. 

– Det førte til mykje merksemd frå politiet og vektarar, med handtering av valdshendingar, fulle ungdomar, drikking og urinering på offentleg stad, forsøpling og hærverk. Me ser tilsvarande utfordringar i andre sentrumsområde, både under arrangement og på kveld og natt i helger og i vekene, fortel Dahl. 

Nå ønsker politiet at både kommunane og foresatte blir involverte. 

– Politiet ønsker at me brukar dei etablerte arenaene våre i kommunane, som politiråd og SLT-møte, til å sette utfordringa på dagsordenen og vurdere aktuelle førebyggande tiltak som kan hindre alvorlege konsekvensar. Me meiner at føresette er dei primære problemeigarane og bør bli involverte i tiltaka.

– Me har ingen ungdommar å miste, og politiet ønsker ikkje å måtte ta i bruk strafferettslege verkemiddel dersom me kan unngå dette, legg ho til.

 

Powered by Labrador CMS