Ungdomslos og MOT-koordinator Ane Flatland (t.v.) og 10.-klassingane og MOT sine motivatorar på ungdomsskulen i Seljord, Amalie Orkås Vinje og Linn Kristin Svendsen, fortalde kommunestyret om erfaringar dei har frå MOT.

Utfordra kommunestyret. – Dersom ein har mot til å leike er det lettare å samarbeide

Ungdomsskulen i Seljord er inne i sitt tredje år i samarbeid med den landsomfattande organisasjonen MOT som arbeider med haldningsskapande og førebyggande program for ungdom. 

Publisert Sist oppdatert

Torsdag kveld stilte både to 10.-klassingar, rektor, ungdomslos og MOT-rettleiarar opp i kommunestyret i Seljord for å fortelje korleis dei jobbar med MOT sitt program, og kor positive erfaringar det gjev i skulekvardagen. 

Rektor Ingunn Haugland kunne fortelje at dei i tillegg til ungdomsskulen har starta å nytte MOT sitt program for barneskular som er kalla Super. 

– På småtrinnet jobbar dei mellom anna med å gje barna eit språk til å både gje plass og ta plass. Dette kan gje høve til å bli betre kjend med seg sjølv og gje verktøy til å regulere kjensler. Og me er stolte av at Seljord og Flatdal nå er tatt ut som ein av 20 skular til MOT sitt mellomtrinnsprogram, uttala Haugland og la til at eitt av grunnprinsippa i MOT er å ha fokus på det ein ynskjer å sjå meir av. 

Under besøket til kommunestyret tok MOT-coach Roar Slinde med alle dei folkevalde på ein leik som blir gjennomført som ei av øvingane i MOT-programmet.

– Når me jobbar med MOT er det mykje leik og moro, og nå skal de få vere med på ein aktivitet. Dersom ein har mot til å leike, er det lettare å samarbeide, uttala Slinde og fekk alle politikarane med på å teste både reaksjonsevne og samarbeid for å vise ei av øvingane elevane gjennomfører på skulen. 

Realiserer draumar

I Seljord startar dei skuleåret med hei-kampanje ved skulestart, i november har dei MOT til å glede-dagen og i februar blir det halde ein draumedag der elevane kan kome med ulike ynskje. På tidlegare draumedagar har elevar fått besøke Olav på Kvipt, dei har fått vore på hundekøyring, handballjenter fekk møte Camilla Herrem og sjå ho spele kamp i Skienshallen medan andre elevar har fått gjennomført eit jobbintervju som dei ynskte seg.

– Det kan vere små og store draumar som blir trekt ut, fortel Haugland.

Gjennom ungdomsskulen blir det gjennomført 14 ulike økter knytt til programmet for Robust ungdom. Årets 10.-klassingar er dei fyrste som har delteke på alle øktene, sidan skulen blei MOT-skule då dei starta i 8. klasse. 

Gjev tryggare skulemiljø

To av 10.-klassingane som er unge motivatorar fortalde til kommunestyret kva erfaringar dei har med prosjektet. 

– Eg hadde lyst til å vere ein ung motivator fordi eg synest for eksempel det var spennande og fint å hjelpe 7.-klassingane med overgangen til ungdomsskulen og 8. klasse. Me var tre unge motivatorar som besøkte 7. klasse i Flatdal og Seljord der me gjennomførte MOT-økter slik at dei skulle bli tryggare når dei starta på ungdomsskulen, seier Amalie Orkås Vinje. 

Linn Kristin Svendsen fortel at ho erfarer at elevane blir meir samansveisa etter dei hadde vore med på MOT. 

– Tidlegare år såg me meir grupperingar mellom klassetrinna, men MOT-øktene gjer dei nye elevane meir trygge ved oppstart på ungdomsskulen og gjorde kanskje at dei blei med på fotball eller ein-spretten. Alle var meir bevisste på at me er ein gjeng som opnar opp for andre som har lyst til å vere med, og som kanskje kjenner seg litt utanfor, seier Svendsen.

Dei to 10.-klassingane var samde om at dei lika MOT-øktene, og at det hadde gjeve betre klasse- og skulemiljø i Seljord. 

Mot-coachane Solfrid Bjørge (t.v.) og Roar Slinde, rektor ved Seljord barne- og ungdomsskule Ingunn Haugland, ungdomslos og MOT-koordinator Ane Flatland og 10.-klassingane og MOT sine motivatorar på ungdomsskulen i Seljord Amalie Orkås Vinje og Linn Kristin Svendsen fortalde kommunestyret om korleis det er å vere med i Mot sitt program.

I undersøkingar skulen har gjennomført med alle elevane svarar ungdommane mellom anna at MOT-øktene utfordrar dei, dei har lært mykje, leikane kan setje dei inn i ulike situasjonar, gjere dei tryggare på kvarandre og gjere timane meir morosame, ein skal inkludere og vere snill med andre, seie hei til alle, ein kan gå ut av komfortsona, lære at det er greitt å seie nei, ein skal ha positive tankar om seg sjølv og andre, at ein skal ta vare på andre for ein veit ikkje kva nokon står i eller går gjennom og at øktene bidreg til eit betre klassemiljø sidan ungdommane blir tryggare på kvarandre. 

– Tusen takk for orienteringa, dette er veldig bra. Det er nesten så ein har lyst til å starte på ungdomsskulen att, uttala ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen. 

 

Dette er MOT:

Norsk organisasjon som jobbar for å styrke ungdom sitt mot til å leve, bry seg og seie nei.

Visjon: Eit varmare og tryggare samfunn gjennom robuste ungdommar som tek gode val.

Grunnverdiar:

  • Mot til å leve: Vere seg sjølv og stå for kven ein er.

  • Mot til å bry seg: Ta vare på andre og vise omsorg.

  • Mot til å seie nei: Tørre å setje grenser og stå imot press.

Samarbeider med ungdomsskular, vidaregåande skular og kommunar over heile landet.

Etablert i 1997. 

Kjelde: mot.no

Powered by Labrador CMS