Brørne Roar Johansen og Stian Johansen driv firmaet Alf Johansen AS. Nå har dei sikra seg sin største jobb.

Rekordstort prosjekt for Alf Johansen AS

Alf Johansen AS har sikra seg sin største jobb. Seljord-firmaet skal vere transportør på Oslofjorforbindelsen. Eit stort prosjekt som skal vere ferdig i 2033. 

Publisert

– Det er veldig godt å sikre seg ein stor jobb i ein litt utfordrande marknad, fortel Roar Johansen. 

Han er dagleg leiar i Alf Johansen AS. For fjorten dagar sidan byrja dei gradvis på det store prosjektet som transportør på byggetrinn to på Oslofjordforbindelsen. Det er Norsk veidekke som har prosjektet, og Alf Johansen AS er underleverandør. Prosjektet omfattar Oslofjordtunnelen, Frogntunnelen og Vassumtunnelen, og Alf Johansen AS skal køyre vekk i hovudsak sprengstein, men også andre masser. I tillegg skal dei ha ein hjullastar som lastar stein.

Dette er eit rekordstort prosjekt for Seljord-firmaet. 

– Det gjeld både kontraktsum og i lengde, fortel Johansen. 

Dei er så vidt i gang og vil ha ein roleg start medan dei trappar opp i løpet av dei neste to-tre månadane. Etter kvart skal dei ha 20–30 lastebilar og éin hjullastar i arbeid på prosjektet. Prosjektet skal vere ferdig  i 2033. Arbeidet har to skift, ein reknar to tilsette per bil og to på hjullastaren, så rekordprosjektet sikrar mange arbeidsplassar i åra som kjem.

Det var Alf Johansen som starta opp med éin lastebil i 1976. Nå er det sønene som driv firmaet som i år runda 50 år.

Viktige jobbar å få 

Alf Johansen AS, som tidlegare i haust markerte at dei runda 50 år og har rundt 85 tilsette, har også fleire prosjekt. Tidlegare i år sikra firmaet seg også eit større prosjekt i Stange, og dei har også fleire jobbar i Stor-Oslo. 

– Jobbmarknaden har flata litt ut i det siste, og då er det ekstremt viktig å få dei jobbane, seier Johansen. 

I eitt år har dei førebudd seg på å få denne jobben ved å rekne på oppdraget og finne gode løysingar. Eitt av krava for å få oppdraget er at ein del av bilane er elektriske. 

– Det blir ein blanding, nokre går på diesel og nokre er el. Hjullastaren er elektrisk, og det siste året har me bestilt fleire elektriske lastebilar, fortel Johansen. 

Powered by Labrador CMS