Tiril driv med både langrenn, turn og trompet – i helga stod skiskyting på programmet
Tiril Ravnsbjerg Juvik Svendsen frå Seljord leverte to solide løp under Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen og viste at ho trivst i møte med hard nasjonal motstand.
Tiril Ravnsbjerg Juvik Svendsen er ei av fleire unge utøvarar i det veksande skiskyttarmiljøet i Seljord som har vist lovande takter denne vinteren. Under Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen vart det ein 9. plass og ein 12.-plass for den unge rekrutten.
– Eg er veldig nøgd med langrennet i dag. Eg kjende at eg hadde mykje å gå på, sa Tiril etter at ho vart nummer 12 på normalprogrammet i 13-årsklassen, den nest yngste årsklassa.
Den allsidige jenta hevda seg òg høgt i si eiga årsklasse då ho debuterte i Kvalfoss-sprinten for eitt år sidan. Den gongen skaut ho med såkalla bukk. I år brukte ho for fyrste gong reim i Holmenkollen.
Tiril, som går i sjuande klasse, fekk erfare at det kan vere meir krevjande å treffe blink når ein skyt med reim.
Samstundes fekk ho ned mange blinkar og kjenne på meistringskjensla i nasjonalanlegget. Det lovar godt med tanke på resten av sesongen.
Allsidig
Tiril Ravnsbjerg Juvik Svendsen driv òg med langrenn og turn, og er ein del av det aktive kulturskulemiljøet i Seljord. Der spelar ho trompet og syng. Det gjer at den komande tenåringen har ei variert og innhaldsrik fritid.
Ho har ein tett timeplan og trivst godt med at det skjer mykje både på ettermiddagane og kveldane.
Denne vinteren er det særleg Kvalfoss-sprinten og Liatoppsprinten som er dei største og viktigaste skiskyttararrangementa ho deltek i. Det har vorte ein fast tradisjon at skiskyttargruppa i Seljord idrettslag reiser samla til Ål i Hallingdal i samband med Liatopp-sprinten. Turane er svært populære og betyr mykje for samhaldet og miljøet i klubben.
Far og trenar i klubben
Simon Ravnsbjerg Juvik Svendsen, far til Tiril og ein av trenarane i klubben, fortel at det er god aktivitet i skiskyttargruppa i Seljord. Rundt ti utøvarar deltek jamleg på renn. Talet kan bli endå høgare når den årlege skiskyttarskulen er gjennomført. Alt har fire–fem barn meldt interesse.
– Det tok litt tid før snøen kom i vinter, men no er det flotte forhold i skiskyttaranlegget vårt. Det er eit stort løft at me har fått ti skiver med sjølvanvisarar. Det gjer at me kan arrangere renn. I Holmenkollen hadde me fem utøvarar i aksjon laurdag og fire sundag. Nokre budde privat, medan andre budde på hotell i Holmenkollen, seier Ravnsbjerg Juvik Svendsen.