Tiltak for permitterte lærlingar

Nye tal viser at om lag 4000 lærlingar har vorte permitterte som følgje av korona-situasjonen. No set regjeringa inn tiltak.

– Det er mange lærlingar som har det tøft, fordi dei har vorte permitterte frå jobben i lærebedrifta si. Difor arbeider regjeringa med å finne praktiske løysingar, slik at flest mogleg får teke fag- eller svenneprøven sin, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Det er fleire krav til gjennomføring av fag- og svenneprøver. For å sikre at flest mogleg får avlagt prøven sin, føreslår regjeringa å gjere endringar i forskriftene om dispensasjon frå krava til fag- og svenneprøver for dei som blir ramma av koronasituasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det eine unntaket dreier seg om at fylkeskommunane kan fråvike kravet om at heile prøvenemnda må vere til stades ved oppstart og avslutning av prøven. Eit anna unntak er at læretida kan kortast ned, etter at lærlingen har bestått fagprøven, dersom lærlingen har vore permittert på grunn av koronasituasjonen, seier Melby.

Dersom lærlingane blir permitterte kan fylkeskommunane tilby lærlingane ei alternativ opplæring i skulen, så lenge smittevernstilsynet tilseier det.

Melbys mål er at fylkeskommunane skal kunne gjennomføre fag- og svenneprøver for flest mogleg lærlingar våren 2020. Det same gjeld avsluttande prøvar for lærekandidater og praksisbrevkandidatar.