Anita Stenberg Mandt får klem av Bjørnis.

Magisk dag i barnehagen kvar månad

Minst ein dag i månaden har Edland barnehage ein magisk dag, der det er lagt til rette for at alle avdelingane skal ha same aktivitet og oppleve det same. 

Me er opptatt av eit godt leikemiljø, der barna får inspirasjon og alle skal vera inkludert, og dei vaksne gjer ein solid jobb i forkant med god planlegging og tilrettelegging for at dette skal bli ekstra magiske dagar for ungane. 

Fredag 17. april var det duka for bamsedag. Alle ungane fekk invitasjon til å ta med ein bamse i barnehagen, og me rigga til bamsedisco, bamsesjukehus, bamsespa og bamsekafe. Der var venterom, medisiner, og mengder av remedier som me har fått frå ulike legekontor og sjukeheimar. Der kom leiker som dei tilsette henta heimafrå, og det var mykje nytt og spanande denne dagen. Bamsane fekk bandasjar og plaster, og spabehandlingar og god mat. Som seg hør og bør på ein bamsedag kom sjølvaste Bjørnis innom og fekk testa både sjukehuset, spaet og kafeen. Bjørnis reiste heimatt friskare og meir opplagt enn nokon gong. Og det finns ikkje ein einaste sjuk bamse i Edland denne fredagen, alle fekk all behandling dei trong for å gå helga i møte.

Anita Stenberg Mandt

Ass.verksemdsleiar Edland barnehage

Powered by Labrador CMS