
Taxi-eigarane sitt tilsvar: «En enormt udokumentert historiefortelling»
Egil Andre Roa og sambuaren Carina Morewood hadde vore involverte i minst 13 havarerte selskap før dei kjøpte Vinje Taxi. Etter tvangsoppløysinga av taxiselskapet har endå to av selskapa deira gått dukken, men paret nektar for at dei har gjort noko gale.
Rett etter tvangsoppløysinga av Vinje Taxi AS ringer VTB til Roa for å spørje korleis han forklarar at det er så mange havarerte selskap knytt til han. Roa tek ikkje telefonen, men skriv på sms at han køyrer bil i utlandet ein stad, og berre kan kommunisere på tekstmelding. Han forklarar dei mange konkursane slik:
«Svært enkelt svar. Alt raste to ganger.»
Roa skriv at han i den fyrste runden med konkursar mista både selskapa, hus og heim, og forklarar dette med at andre ikkje betalte det dei skulda han.
Han skal så ha bygd opp att fleire selskap, men så kom koronaen og kontraktar vart kansellert, og deretter kom rentehevinga. Roa fortel at han tapte eit tosifra millionbeløp på dette, og at han mista alt nok ein gong.
Roa nektar for at han har svindla nokon, og kjem i staden med kraftige skuldingar mot fleire personar han har kjøpt firma av, også mot Vinje Taxi AS sin tidlegare eigar, og varslar at han vil saksøke fleire når han kjem attende frå utlandet. Han lovar også at han så snart han er heime att skal sende VTB dokumentasjon som underbygger påstandane hans om at det er andre som har gjort kritikkverdige ting, og ikkje han eller Morewood.
Roa skulle vere attende i landet måndag 7. april, og VTB tek kontakt med han då for å be om dokumentasjonen. Roa svarar ikkje.
– Jug og fanteri
Den 25. april ringer VTB til Carina Morewood. Ho tek ikkje telefonen, men skriv like etterpå ein sms der ho bed om å få vite kva det gjeld skriftleg. Ho får ein sms med eit samandrag av det VTB har kartlagt om firmahistorikken deira, og kva advokatar og andre uttalar om forretningsdrifta deira.
Svarmeldinga som kjem frå Morewoods telefonnummer kallar dette for «jug og fanteri» og ho bed om eit møte for å legge fram bevis slik at VTB kan sjå kva som stemmer. Ho avtalar å møte avisa onsdag 30. april. Ho og Roa vil begge koma på møtet, og dei vil ta med dokumentasjon som dei vil legge fram der. Dei ønskjer ikkje å sende noko av dette på e-post på førehand.

Den 30. april får VTB ein ny sms om at Morewood og Roa ikkje kan koma likevel. VTB tilbyr å møte dei måndag 5. mai i staden, eller at dei sender informasjonen dei ønskjer å legge fram på e-post og at me snakkar om det på telefon.
Dagen etter får avisa melding frå Morewood sin telefon om at paret utset møtet til dei får med advokat. Ho trugar også med å anmelde avisa for spreiing av falsk informasjon og rykte.
«Absolutt ALT kan mer eller mindre motbevises. Aldri vært intensjon noe av dette. Og det vil du forstå ganske raskt. Ingen investerer så mye for å tape det. Så ikke frivillig.»
VTB svarar at avisa vil sende artikkelen til dei når den er ferdig, og at me tek deira tilsvar derifrå.
«Helt enormt feil»
VTB har nå lagt heile artikkelen «Paret som køyrde Vinje Taxi i grøfta» fram for Roa og Morewood. Som tilsvar har avisa mottatt ei lang rekke tekstmeldingar frå Roa.

I artikkelen blir dei to skildra som klassiske konkursgjengangarar som kjøper firma, tappar dei for midlar, handlar mykje varer som blir vekk og deretter går konkurs. Dette avviser Roa.
«Man kan ikke gi oss skylden i denne artikkelen uansett, hele poenget. Sverte oss med kun usannheter,» skriv han.
Roa meiner at fire av dei seksten aksjeselskapa som til nå ha gått under kan dei «absolutt ikke det minste for», og at det er «god forklaring på alt annet også.»
Vidare skriv Roa at VTB påstår ting som «overhode ikke er mulig å gjøre» og at artikkelen er basert på å lage ei god historie på løgner.
Ifølge Roa har paret lagt meir pengar inn i selskapa dei har drive enn dei har tatt ut.
«Vi har gjort alt for å overleve å få til dette å skutt inn mye mer penger enn det kunne vært mulig å tatt ut. Så da burde det selv for en middelmådig rapporter å regne ut at vi ikke ønsket dette, eller forårsaket dette med vilje.»

Meiner Larsen føreslo ny avtale
I artikkelen om paret kjem det fram at Roa lånte 300 000 kroner av Bjørn Gudmund Larsen sitt selskap Totak AS i samband med kjøpet av Vinje Taxi AS, og at Larsen framleis ikkje har fått att desse pengane. Dette hevdar Roa kjem av at det blei laga ei ny avtale for nedbetaling etter initiativ frå Larsen.

Roa peikar også på at dei avtalte med Larsen at han skulle vere styreleiar i taxiselskapet fram til nyttår, men at han plutseleg trekte seg i starten av november, få dagar etter overtakinga. Dette ser Roa som eit kontraktbrot.

Vidare kjem det fram i artikkelen om paret at Nordea Finans Norge søksøker både Roa og Morewood for to millionar kroner i samband med brakkeverksemda deira. Til det har Roa denne kommentaren:
«Nordea uttaler seg om noe dem påstår, men som man aldri kan bli dømt for, for det stemmer jo overhodet ikke.»
I skrivande stund er firmaet VIP Luxury Car Transport AS i ferd med å bli aksjeselskap nummer sytten som går under for dei to. Som i fleire andre selskap paret har eigd er problemet at årsrekneskap manglar, men Roa hevdar at det er tidlegare eigar som er skuld i dette ved at han ikkje har levert tala han skulle. Roa skriv til VTB at han derfor har heva kjøpet av dette selskapet, og i Brønnøysundregistra ser ein at han og Morewood trekte seg frå sine roller i luksusbilfirmaet i midten april.
VTB har ikkje lykkast i å koma i kontakt med tidlegare eigar for å få stadfesta om kjøpet er heva.
Hardt ut mot Putten og Pekeberg
I artikkelen fortel Roas tidlegare kollega Frode Putten om korleis han meiner Roa tappa eit entreprenørfirma dei eigde saman og seinare stal hans aksjar med ein ugyldig generalforsamlingsprotokoll. Han har lagt fram kjøpsavtala, protokollen, kontoutskrifter og anna dokumentasjon på dette.
Roa hevdar det er omvendt: At det var Putten som lurte dei, og at det var Putten som tappa entreprenørfirmaet. Vidare påstår Roa at Putten hadde kontrollen på alt og at han brukte firmaet til å kjøpe varer til seg sjølv privat. Som dokumentasjon har Roa sendt skjermbilete av sms-samtalar mellom han og Putten der dei diskuterer gjenstandar som er kjøpt inn.
Når det gjeld eigarskap til aksjane meiner Roa at Putten aldri betalte for sine aksjar, og dermed heller ikkje eigde noko. I artikkelen kjem det fram at det uavhengig av Puttens eigardel ikkje var Roa som eigde desse aksjane, sidan han var personleg konkurs. Det var bustyraren, advokat Gjermund Pekeberg, som eigde aksjane, og han valte å selje dei til Putten. Roa sin kommentar til dette er at Putten aldri burde ha fått kjøpe dette, og at han sendte ei lang klage til tingretten på dette salet.
«Etter det la han meg for hat. Nå skylder han alt på meg, pga av sine egne feil?» skriv Roa, med referanse til Pekeberg.

«100 % feil»
Elles skriv Roa ei rekke tekstmeldingar der bodskapen i hovudsak er at han meiner innhaldet i VTB sin artikkel slett ikkje stemmer. Her er nokre utdrag:
«Er jo enormt feil, enorme deler av det du skriver her.»
«Vi snakker 100 % feil av hva som faktisk er sant.»
«En enormt udokumentert historiefortelling som ikke bunner i fakta å ekte opplysninger. Men vi er ekte folk, så det ser du ut til å glemme.»

