
Hausten 2024 får Vinje to nye næringsdrivande som har mykje firmabagasje.
Ein personleg konkurs, to konkurskarantenar, tretten havarerte aksjeselskap, ei rekke politimeldingar og millionar i ubetalte rekningar, for å nemne noko.
Det er desse to som overtek Vinje Taxi.
Paret som køyrde Vinje Taxi i grøfta
Fem månadar tok det frå sambuarparet overtok Vinje Taxi til firmaet blei tvangsoppløyst med ni og ein halv millionar kroner i ubetalte rekningar.
Det var i oktober i fjor at Vinje Taxi-grunnleggar Bjørn Gudmund Larsen selte Vinje Taxi AS til sambuarparet Carina Morewood og Egil Andre Roa. Formelt var det Morewoods firma Aktiv Eiendom & Prosjektstyring AS som kjøpte taxifirmaet.

Før dei nye eigarane overtok gjekk taxifirmaet i pluss, betalte rekningane sine og var arbeidsplassen til fire sjåførar. Med dei nye eigarane ved rattet hopa inkassokrava seg opp, så slutta revisoren, og den 2. april i år vart taxiselskapet tvangsoppløyst.
I mai vart to selskap til eigd av Roa og Morewood slått konkurs, inkludert det dei brukte til å kjøpe Vinje Taxi. Eit tredje firma dei eig er nå i skifteretten og går mot tvangsoppløysing. I tillegg har dei til saman vore involverte i minst tretten andre firma som har gått under, og Morewood og Roa er nå både meld til politiet og saksøkt av ein bank for forretningsdrifta si.
VTB har vore i kontakt med Larsen ei rekke gonger dei siste månadane om saka. Han er ordknapp og viser til advokaten sin, men opplyser at han lånte 300 000 kroner til dei nye drivarane av taxiselskapet frå sitt andre transportfirma, Totak AS.
Har meld dei til politiet fire gonger

Ein som kjenner godt til framgangsmåten til Roa og Morewood er advokat Gjermund Pekeberg, som opphaveleg kjem frå Vrådal. Han har vore bustyrar i fire konkursbu etter Roa, og seier det som ser ut til å ha skjedd med Vinje Taxi AS er ei klassisk historie når det gjeld desse to. Framgangsmåten deira oppsummerer Pekeberg slik:
– Dei kjøper opp firma, tappar dei for midlar og kjøper masse varer. Desse varene blir vekk, og så går selskapet konkurs.
– Er det lovleg å drive på slik?
– Det er det ikkje, og eg har meld dei til politiet i alle sakene eg har vore involvert i, svarar Pekeberg.
Stort meir enn det kan han ikkje gjere, og det er problemet med konkursbehandlingar, forklarar han. Rett nok kan bustyraren krevje omstøyting, altså at pengar og verdiar blir brukt til å betale kreditorar, men det hjelper ikkje stort når det ikkje er verdiar att. Dermed er det opp til politiet.
– Dette er etter mi meining klassiske konkursgjengangarar som påfører mange store tap og som politiet burde prioritere, seier Pekeberg.
Handlar utan å betale
Ein Vinje Taxi-sjåfør stadfestar til VTB at taxioppdraga heldt fram som normalt etter at Roa og Morewood overtok i slutten av oktober 2024. Sjåføren ønskjer ikkje å ha namnet sitt på trykk, men VTB kjenner identiteten hans.

Trass i at oppdraga gjekk som normalt etter overtakinga, vart ikkje rekningar betalt, og betalingsmerknadane hopa seg opp. Summen av dei 41 inkassokrava dei nye eigarane pådreg seg er på over seks millionar kroner. I midten av mai var den fyrste rapporten frå bustyraren klar, og der kjem det fram at Vinje Taxi til saman skuldar over ni og ein halv millionar kroner.
I det førre selskapet som gjekk konkurs for Morewood var det også millionkrav då det havarerte. Det heitte Smart Business Security Noreg AS og gjekk konkurs i juni 2024.
Dette firmaet hadde i realiteten ikkje tent pengar sidan ho overtok det i september 2022, men gjeld hadde det skaffa. I rapporten til bustyraren kjem det fram at det hadde krav mot seg på 3,4 millionar kroner då konkursen var eit faktum. Bustyraren oppdaga også at Morewood hadde utbetalt over 480 000 kroner frå firmaet til sin eigen og Roas privatkontoar utan noko form for dokumentasjon.
Berre frå desse to konkursane skuldar paret andre folk tretten millionar kroner, og mykje av dette finst det ikkje att pengar til å gjere opp.
Og det er berre toppen av isfjellet.
Tretten selskap i grøfta – og eitt til på full fart etter
Formelt har Roa og Morewood til nå eigd og styrt til saman tretten aksjeselskap som er oppløyste eller slått konkurs. Desse er lista opp i tabellen, med den ferskaste oppløysinga øvst.

Dei to er i tillegg involverte i to aksjeselskap som framleis er i drift.

Det eine av desse er nå i skifteretten og ser ut til å bli tvangsoppløyst på grunn av manglande årsrekneskap. Det heiter VIP Luxury Car Transport AS. Firmaet vart kjøpt og omdøypt av Morewood i juni 2024, og er registrert som heimehøyrande i Vinje på same adresse som Vinje Taxi AS.
Då står paret att med eitt firma som det ikkje heftar noko ved enno. Det kjøpte Roa i mars 2025 og det har fått namnet EARX Holding AS. Dette firmaet har i skrivande stund ikkje fått nokon betalingsmerknadar.
Lista er lengre
Men det stoppar ikkje der. VTB har fått opplysningar om tre firma til som Roa og Morewood har vore involverte i og som har gått dukken. Desse står ikkje er i tabellen lenger opp fordi dei aldri vart registrerte som eigarar eller i formelle roller.
Men i fleire bustyrarrapportar frå Roas konkursar kan ein lese at han ser ut til å ha hatt ei uregistrert men reell rolle i Nokah Bygg og Anlegg AS og Nokah Eiendomservice AS, som begge gjekk konkurs i 2020.
I tillegg er det Isenkrambutikken. Dette var ein relativt veldriven jernvarehandel fram til Roa og Morewood kom inn i bildet i starten av oktober 2024, berre nokre veker før dei kjøpte Vinje Taxi. Ein månad seinare gjekk butikken konkurs, og også her var Pekeberg bustyrar.

Han fortel at Roa og Morewood avtalte å kjøpe butikken, men at dei aldri betalte. Aksjane vart derfor ikkje overført til dei, men likevel fekk dei registrert ein bekjent av seg som dagleg leiar, og sette i gang med å handle varer.
Då Isenkrambutikken gjekk konkurs, var det den tidlegare eigaren som sat med skjegget i postkassa. Han hadde forsøkt å få heva kjøpet fordi Roa og Morewood ikkje betalte den avtalte kjøpesummen, og var framleis styreleiar. Plutseleg var butikken tømt for verdiar, utan at han hadde fått betalt for salet av aksjane.
Og det er styreleiaren som sit med ansvaret, forklarar Pekeberg, som har desse råda til den som skal selje eit selskap:
– Sørg for at det blir valt nytt styre samstundes med at du sel selskapet, og at det blir tilsett ny dagleg leiar.
Leiarstafett og konkurskarantene
På papiret var det Morewood som kjøpte og leia Vinje Taxi, og så tok Roa over. Slik har det også vore i tre andre av dei nyare selskapa til paret – Morewood var dagleg leiar eller styreleiar ein periode, før Roa overtok kring årsskiftet 24/25.
For Roa har vore i konkurskarantene etter at han gjekk personleg konkurs med enkeltpersonsføretaket Actionutleie ROA. Denne karantenen varte frå desember 2022–desember 2024, og innebar mellom anna at han ikkje kunne ha formelle roller i firma.
I tillegg har Roa vore i konkurskarantene frå juni 2016–juni 2018.
Advokat Gjermund Pekeberg har handtert fire av konkursbua til Roa, inkludert den personlege konkursen, og bidrog til å få han i den siste konkurskarantenen. Men karantenen varer berre to år og den er lett å omgå ved å få stråmenn i formelle roller, forklarar Pekeberg.
– Det er som eit slag i lufta.
Pekeberg vurderte også å be om konkurskarantene for Morewood etter tvangsoppløysinga av Rydjar Gård hausten 2023, men valte å overlate det til bustyrarane i dei to neste konkursane hennar - Smart Business Security AS og Oslo & Akershus Maskinentreprenør AS. Begge desse konkursane var ferdig handsama sommaren 2024, og det blei ikkje bede om konkurskarantene for Morewood.
Og Roa, han var alt i konkurskarantene, og kunne derfor ikkje setjast i ei ny.

Nokre få månadar etter overtok paret både Isenkrambutikken og Vinje Taxi.
Søksmål, politisak og rettssak
Fire personar som meiner seg svindla av Roa og Morewood blir nå representerte av advokatfullmektig Astrid Baastad i advokatfirmaet Fari.
Ein av desse er tidlegare Vinje Taxi-eigar Bjørn Gudmund Larsen. Han fekk betalt for aksjane i Vine Taxi AS, men fekk ikkje att dei 300 000 kronene han lånte til taxifirmaet.
– Me vurderer eit samla søksmål, seier Baastad til VTB.
Problemet er at det ikkje er pengar å hente for klientane hennar dersom søksmålet fører fram.
– Men det kan likevel vere verd det, seier ho.
– For å sette ein stoppar for framtidige hendingar.
Baastad har meld fleire av sakene ho har fått på sitt bord til politiet, og hennar meldingar føyer seg inn i rekka frå bustyrarar, andre advokatar og privatpersonar.
Øst Politidistrikt stadfestar at det er oppretta ei sak som mellom anna handlar om tilhøve knytt til Vinje Taxi. Meir enn dette har ikkje skjedd så langt, og påtaleansvarleg hos politiet i Øst Tommy Austad opplyser at saka «ligg i påvente av ressursar».
Roa og Morewood har også blitt personleg saksøkte av finansieringsselskapet Nordea Finance Equipment AS (nå ein del av Nordea Finans Noreg AS). Det er Roa og Morewood si drift av Brakkespesialisten AS som er årsaka til søksmålet. Mellom anna meiner banken at Roa og Morewood skuldar dei pengar fordi dei har tatt betalt for brakker med spesialutstyr – men utan å levere det avtalte utstyret. Denne rettssaka vil gå føre seg i oktober 2025, og det skal samla sett dreie seg om kring to millionar kroner.
Frode Huus Neteland i Nordea Finans Noreg vil ikkje kommentere den pågåande saka, men stadfestar at det er langt ifrå den fyrste.
– Me har hatt mange saker med Egil Andre Roa gjennom ti år, og me har avdekka svindel gong på gong. Problemet er at politiet ikkje gjer noko, seier Neteland. Han fortel at Nordea Finans Noreg nå har brukt nokre hundre tusen kroner på advokat for å få denne saka for retten.
– Men om de vinn, kva oppnår de med det? De får vel ikkje att pengane?
– Nei, det trur eg ikkje. Men me oppnår å få ein dom mot dei.