Åmot sentrum: Planane for området mellom Fristadsenteret, som ein ser i bakgrunnen, og det nye handelshuset som er planlagt rett ved sidan av har skapt engasjement i Åmot. Fleire innspel i høyringa sette fokus på behovet for ein bilfri møteplass mellom dei to sentera. På biletet møter VTB to av dei som sende innspel, Alexander Stettin og Sigrid Vesaas.

SV set handelssentrumet på dagsorden i kommunestyret

– Denne interpellasjonen har til intensjon å minne om dei klåre og viktige innbyggjarinnspela som kom inn i sommar, som samsvarer godt med kommuneplanen. Eg ynskjer også at kommunestyret får informasjon om kvar prosessen med nytt handelssentrum er akkurat no, og når det tidlegare varsla folkemøtet vil finne stad?

Spørsmåla vil bli stilt av Kjersti Kaasa (SV) i ein interpellasjon til kommunestyret i Vinje på deira møte komande torsdag.

Kva er ein interpellasjon?

Ordet er avleia frå verbet «interpellare», som kjem frå latin og betyr «avbryte ved å snakke».

Interpellasjon viser som oftast til dei mest alvorlege spørsmåla eit medlem av nasjonalforsamlinga (Stortinget) rettar til eit medlem av regjeringa, men ordet brukast også om tilsvarande spørsmål i fylkesting og kommunestyre.

Interpellasjonar er viktige fordi dei er med på å gje nasjonalforsamlinga høve til å kontrollere regjeringa, samstundes som det gjev politikarane høve til å marknadsføre seg sjølv og sine parti.

Kjelde snl.no/interpellasjon

Artikkelen held fram under annonsen.

I Åmot sentrum skal handelen samlast i nedre del av sentrum, medan offentlege tenester vert samla øvst. Dette inneber at verksemdene i Bratlandbygget i øvre del av sentrum vil flytte ned til eit nytt handelshus som skal byggast ved sidan av Fristadsenteret. I haust har planane for dette nye handelshuset skapt stort engasjement i bygda.

Fleire har engasjert seg for ein bilfri møteplass midt mellom dei to handelshusa, medan utbyggarane held fast på at dette arealet må nyttast til parkeringsplass.

«Skapar trivelege sentrum»

I interpellasjonen viser Kaasa til kommuneplanens samfunnsdel, som startar slik:

«Menneska i Vinje er den største ressursen. Dei trivelege lokalsamfunna i Vinje blir skapt av oss som er her – både dei av oss som bur her fast og dei som er her periodevis, som hyttefolket. Engasjement og menneskje som ønskjer å bidra eller skape noko gjev levande bygder, grender og møteplassar.»

Ho viser også til målsettingane i kommuneplanens samfunnsdel:

«I 2035 har Vinje eit utbyggingsmønster som styrkjer busetnaden og skapar trivelege sentrum», der eitt av fleire underpunkt er: «Me støttar initiativ til å skape møteplassar og sosiale samlingspunkt»

Kaasa argumenterer for at kommunen er på line med mange av dei som har sendt inn høyringsinnspel.

– Me som kommune ynskjer gode sentrumsområde som set menneska i sentrum. Då saka om eit nytt handelssenter i Åmot blei lagt ut til høyring sommaren 2023 kom det mange innspel som fokuserte på nettopp dette: gode sentrumsområde som set menneska i sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ønskjer mellombels byggeforbod på Billagstomta
Les også
Åmot sentrum – Det store hamskiftet?
Les også
Åmot sentrum: Politikarane avgjer kva som skjer med handelshuset
Les også
Det nye Bratlandbygget vert i hovudsak som på teikningane
Les også
Utvikling av Åmot sentrum – løysinga ligg under jorda!
Les også
«Åmot sentrum – Framleis asfaltprærie eller ein revitalisering av bygda?»
Les også
«No kan Åmot få bilfritt torg»
Les også
Eit betre Åmot for eit betre Vinje-samfunn
Les også
Nye Åmot sentrum. – Få kafeen på solsida og ha uteservering og ein leikeplass. Det er eit minimum av kva ein må få til