Byrådet i Oslo meiner grensa er nådd og viser til at dei allereie betalar 8 milliardar kroner til andre kommunar. – Oslo er ingen rik kommune, seier finansbyråd Hallstein Bjercke som peikar på utfordringar med levekår og fattigdom. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Regjeringa vil ha omfordeling mellom kommunane

Meir av skattepengane skal takast frå rike og gjevast til fattige kommunar. Det betyr at Oslo får mindre pengar å rutte med.

– Kommunane som har låge skatteinntekter, skal få litt meir enn før, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) til NRK.

Kommuneproposisjonen blir lagd fram tysdag 14. mai, men no går Senterpartiet og Arbeidarpartiet ut med nokre av hovudpunkta i eit nytt system:

Artikkelen held fram under annonsen.

* Kommunane som er under landsgjennomsnittet, skal få nesten 2 milliardar meir av skatteinntektene.

* Fattige kommunar vil få skatteinntekter tilsvarande minst 95 prosent av landsgjennomsnittet etter utjamninga. I dag er andelen cirka 93 prosent.

I Oslo reagerer byrådet og viser til at dei allereie betaler 8 milliardar kroner til andre kommunar.

– Ein stor del av skatteutjamninga kjem frå Oslo, og det er fair, men grensa er nådd. Oslo er ingen rik kommune. Oslo har store utfordringar med levekår og fattigdom, seier finansbyråd Hallstein Bjercke (V).

Men Ap påpeikar at dette ikkje er ein by-land-diskusjon.

– For oss har det vore viktig å gjere noko med skatteutfordringane. Det er både små og veldig store skattesvake kommunar i Noreg. Vi hjelper no kommunar som både Sarpsborg, Eidskog og Skien, seier Lene Vågslid, leiar av Stortingets kommunalkomité (Ap).

(©NPK)