Årsmøte i Vinje Nei til EU

Årsmøtet vart halde på Trevet og med godt frammøte. Sjølve årsmøtet vart raskt gjennomført. Det hadde ikkje skjedd så mykje sidan sist. Arbeidet har lege mykje nede, men på grunn av europeiske straumprisar, den fjerde energi pakka m.m. er det no på tide å taka opp kampen.

Nils Ole Lien frå valkomiteen kom med framlegg til valet og det nye styret vart:

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvor Øygarden, leiar. Sigrid M. Finseth Nykos, kasserar og styremedlemer Sigmund Romtveit, Solveig Ringhus og Gro Øygarden.

Arbeidsoppgåver for laget blir medlemsverving, stands på Bygdemarknaden i Rauland, Dalsmarken og Vinjedagen, deltaking på standen for Telemark Nei til EU på Dyrskuen.

Fylkesleiar Ole Roger Dyrkorn innleidde om EØS avtala: Føremoner og ulemper. Konklusjonen var at avtala har ingen viktige føremoner framfor den handelsavtala me hadde før.Avtala har derimot store ulemper på mange område. Det siste er europeiske straumprisar som er til store ulemper for oss alle. EØS avtala kan seiast opp med eit års varsel og me kan då gå attende til handelsavtala me hadde.

Det vart eit aktivt ordskifte med mange sterke innlegg. Ved avslutninga takka Halvor for frammøte og takk til fylkesleiaren. Ole Roger fekk med seg ostar frå Lega gardsysteri.

Halvor Øygarden